Å planlegge ein kveld

Share

Å planlegge ein kveld i Valle Radio er ikkje alltid like lett. Eg tenkjer ofte at eg må sjå tysdagsavisa for å finne ut kva eg skal ha med, men når avisa kjem, er det ikkje alltid så mykje som fangar interessa i høve til å lage eit radioprogram.

I dag måtte eg tilbake til fredagsavisa for å finne tema som kunne fungere i radioen. Det første var om Sølvgarden, som har fått forlenga avtalen med UDI om asylmottak til februar. Det fekk eg vite då eg kom dit i samband med joleavslutninga sundag og møtte Trygve Rysstad. Han ville gjerne vere med i radioen, så den saka var klar alt då.

Då eg kom til avisa for i dag, var det ein artikkel om ein matkveld mellom gruppe Refugees welcome to Sølvgarden og dei som bur på asylmottaket. Eg prøvde å ringe Kristin Brokke, men ho tok ikkje telefonen idag. Då vart det Anne Hasla som måtte vere med, og ho sa ja til at eg kunne ringe henne. Vi fekk ein hyggeleg prat der ho fortalde om bakgrunnen og om arrangement dei har hatt og skal ha. Jolefest til sundag for heile bygda er neste arrangement. Halv tre på soknehuset, då kan alle kome, gratis og hyggeleg.

I fredagsavisa stod det at Setesdalskappleiken får 100.000 kroner frå fylket til arrangementet. Eg kontakta Astri Rysstad, ho fortalde at ho var mest himmelfallen då ho fekk telefon frå nokon som hadde lese Setesdølen og sett oppslaget. Planen no var kan hende å få arrangere konsertar på fleire stadar når kappleiken går av stabelen første helga i august, men ho var open for andre idear og.

Endeleg fekk eg ein prat med ruskoordinator hos LMT, Wenche Gauslå Hægeland som jobbar med Av og Til, prosjektet som alle kommunane i Setesdal har slutta seg til. No i førjolstida har politiet promillekontrollar, både på kvelden og på morgonen for å ta dagen derpå-promille. Kvar dag kjører 30.000 med promille, kan hende er det naboen som leverer barn i barnehagen før han er blitt edru  att. Ho oppfordra oss til å ha eit medvite tilhøve til bruken vår av alkohol, barn fortener det.

Då var den aktuelle timen full, tenkte eg. Men det var han ikkje, så eg måtte spele ein adventsong til slutt.