E-bøker

Share

Biblioteket har for meg vore ein stad der eg finn papirbøker eller lydbøker. Av og til er det godt å kome inn der og lese litt i eit tidsskrift, men for det meste låner eg  tradisjonelle bøker. I Valle jobbar eg jo i same huset som biblioteket, så det er lett for meg å nytte tenestene deira. Med e-bøker er det blitt endå lettare.

Eg har ikkje vore noko særleg stor lånar av lydbøker, til tross for mine kjøreturar mellom Valle og Mandal kvar veke. I bilen vert det helst til at eg høyrer på P2 når det ikkje er lokale nyheter, der har dei som regel mange interessante tema både på tur nedover på ettermiddag og på tur oppover om kvelden.

Når ein er over middels interessert i bibliotekfaglege spørsmål, les ein om utviklinga i biblioteksektoren mange stader. I mange år fylgde eg med på ei diskusjonsliste innan bibliotek. Når dotter mi er forbundsleiar i Bibliotekarforbundet, er det jo og naturleg å snappe opp eitt og anna som gjeld bibliotek i samtalar med henne.

Difor hadde eg jo fått med meg at det no er opna for utlån av e-bøker, men det var eit medium eg ikkje hadde prøvd. I Valle har det heller ikkje vore særleg prioritert, men no i denne søte juletid tenkte eg at eg visst fekk sjå til og finne ut korleis det fungerte. Eg hadde barnebarnet mitt, Kristine på besøk denne helga, og ho har lånt mange e-bøker og meinte eg burde få det til, eg og. Ho skulle hjelpe meg.

Som sagt, så gjort, Kristine sette seg til å laste ned appen som ein må ha for å lese e-bøker, og etter ei lita stund kunne eg leite i eit noko magert utval av bøker som dukka opp når eg hadde Valle folkebibliotek som utgangspunkt. Men Margunn meinte at om eg nytta Agder Samsøk, kunne eg få leite i alle e-bøkene på heile Agder, og etter litt om og men, fungerte det og. Då var det bare å velje mellom sjangrar og forfattarar.

Eg var vel helst på leiting etter noko sakprosa, men tenkte at eg kunne starte med ein roman. Det var mange bøker som ikkje var ledige, men dei kunne eg fjerne frå søkeresultatet og bare søke mellom ledige bøker. Dermed tenkte eg at eg kunne jo låne ein kriminalroman, det var Løvetemmeren av Camilla Läckberg, den var ledig. Eit trykk på knappen på iPaden, versågod, begynn lesinga. Løvetemmeren

Så no testar eg korleis det fungerer. Eg spurde Kristine om det fungerte slik at når ein kunne låne ei bok i tre veker, så låg ho der i tre veker, også om eg vart ferdig med henne før. Men ho fortalde at når ein kom til slutten, kom det opp eit val om at ein kunne levere inn boka, så der var det nok forelda tenkning i hovudet mitt.