Julekaker

Share

Så er jula her, og med den også julekakene. Eg las om Inger Lise Stulien i Fædrelandsvennen, det var Øystein Moi som hadde vore på besøk. Ho hadde visst 30 sortar, det var tradisjon heimfrå, der dei var ein stor familie og mor Allis var raus i jolebaksten.

Problemet i vår tid er nok heller at dei tradisjonelle julekakene blir mykje inn og ut-kaker. Vi ber dei inn og ut i julehøgtida, men når jula er over, er boksane framleis halvfulle, så difor vil ein fornuftig familie nok rasjonalisere litt etter kvart.

Her i huset er det krumkaker og sandkaker, risbollar og småkaker med sjokolade og mandler som gjeld saman med kokosmakroner. Dei to sistnemnde har ikkje vore framme enno, men til kaffen i kveld kom dei andre fram. Årets sandkaker fekk Reidun hjelp til av barnebarn på besøk, dei tok halv porsjonen med seg til Nittedal, så då er det kanskje von om at boksen ikkje vert ståande halvfull i møte med januar. Risbollar er nok min favoritt, der var også barnebarn med i produksjonen i år, sjølv om det etter det eg forstår var vanskeleg å finne risnøtter ei tid før jul, eg er visst ikkje aleine om den favoritten.

Når gåvene er pakka opp, vert det ofte slik at familien dukkar ned i nye bøker eller andre gåver som krev merksemd. Men julekakene sikrar samhald og småprat i stova.

Nybakte sandkaker. Foto: Rønnaug Haugland Lyckander
Nybakte sandkaker. Foto: Rønnaug Haugland Lyckander