Advent

Share

Ein av dei flottast adventsongane eg veit er Davids 24. psalm Gören portarna vida. I kveld spelte eg den med Storkyrkans kör med Karl-Magnus Frederikson som solist.

Det er mange måtar å førebu seg til jula på. I USA har dei Thanksgiving siste torsdag i november. Dermed blir fredagen fridag for mange, og då har butikkane sett høvet til å starte jolehandelen med å arrangere Black Friday. Men her i Norge har vi ikkje Thanksgiving. Likevel har butikkane herma etter det amerikanske opplegget og laga Black Friday for å starte kjøpefesten fram mot jul.

Andre førebur seg med å gå på ein julekonsert. Dessverre er konserten som Sondre Bratland skulle ha i Bykle kyrkje i morgon avlyst, men andre høve byr seg til å høyre vakker julemusikk i adventstida, det er ein tradisjon mange likar å få med seg. Og kora stiller opp for å glede oss med vakker sang etter ein haust med øving og terping på repertoaret.

I dagane fram mot advent vart det stor diskusjon då UDI meinte at religiøse symbol måtte fjernast om kristne leirstader skulle ta imot asylsøkjarar i den asylkrisa Norge har opplevd denne hausten. Då møtte dei ein storm på sosial medier og i går kom meldinga om at det ikkje var naudsynt likevel. Korset i matsalen på Tømmerneset kunne henge der likevel.

I ei tid der vi førebur oss til jula med Kongen kommer som tema, høyrer dei religiøse symbola med, det kan ikkje bare bli nissar og lysfest, sjølv om det er moro og fint.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *