Aleine

Share

Siri hadde ikkje høve til å vere med i kveld, så eg var både teknikar og programleiar i Valle Radio i kveld. Litt jolepreg hadde programmet, eg kåserte om Stille Nacht, heilige Nacht, songen som vart til Glade jul på norsk. Men elles var det tradisjonelt preg. Eg måtte nytte ei cd-plate for Over ein open Bibel, eg hadde ikkje fått lasta ned nokon andakt frå Norea i dag. Men Rune Stormark er jo kjent som Byglandsprest no.

I den aktuelle timen hadde eg Olav Åkre med for å fortelje om Jol i Setesdal. Mållaga i dalen gjev ut bladet, og i år var det større enn før og med eit rikt og variert innhald. Dei fem redaksjonsmedlemene hadde hatt fire møte der dei la opp bladet, og hovudartikkelen i år hadde Olav Mosdøl skrive om Olav Bjørgum, som i alle år illustrerte bladet, men som no ikke lenger kunne teikne til bladet. Elles kunne han fortelje at det var mange som kvart år leverte tekstar til Jol i Setesdal, også i år måtte noko stå over til seinare.

Etter at han hadde vore med meg i ein halv time, var Signe Sollien Haugå med på telefonen frå Bygland. Ho fortalde om gründerprisen som er sett opp og som skal delast ut på Setesdalskonferansen 2016, der den som kjem opp med beste ideen til eit produkt eller ei teneste som kan realiserast, vil få 50.000 kroner i premie.

Til slutt i den aktuelle timen fortalde Erik Kjebekk om boka han har gitt ut om heimbygda si, Flatebygd, og korleis det var å vekse opp der for 60 år sidan.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *