Årsskifte

Share

Så er 2015 over og vi står på terskelen til 2016. Eg vil gjerne takke dykk som les bloggen for fylgjet i året som gjekk. Eg vonar at de blir med over i det nye året også.

Når ein står ved eit årsskifte, tenkjer ein gjerne litt tilbake på året som gjekk. For meg var 2015 eit år med litt ulike opplevingar. Eg fekk meg ein tur på sjukehuset, men kunne kome tilbake og ta fatt på eit nytt arbeidsår etter sommarferien, og det er eg takksam for. Å få samarbeide med Øystein om å lære innvandrarar norsk har vore ei meiningsfull glede sjølv om det har vore store endringar i arbeidet vårt.

I tillegg har eg fått vere med i Valle Radio endå eit år. At vi har klart å drive radioen i så mange år på dugnad, er eit under. No har vi til og med fått fleire medarbeidarar som vil vere med i dette arbeidet. Takk til Sir Johannesseni og Niklos K. Besteland som har vore mine faste medarbeidarar heile året, takk og til Eh Ka Mwee Sein og Htoo Thaw David for semesteret vi fekk lage program på burmesisk. Takk til styret i radioen og takk til alle som velvillig stiller opp når vi spør om dei vil delta i program.

Ikkje minst vil eg takke Helge Haugland, Geir Daasvatn og Reidar Tveito for samarbeidet om å byggje Setesdalswiki. Vi fekk eit fint oppslag i Fædrelandsvennen no i desember, og 85164 artiklar gjer at leksikonet for Setesdal kan vere ei kjelde til informasjon om dalen vi har blitt glade i, også vi som ikkje er fødde og oppvaksne der.

I året som gjekk var det og fleire familiehendingar som samla oss. Takk til dykk alle for gode opplevingar, samhald og samarbeid i året som gjekk. Vel møtt til 2016. Mi bønn er at vi må få leve under Guds velsigning også i år som kjem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *