Denne dagen, et liv

Share
Foto:Wikimedia Commons/ Hans Peters
Foto:Wikimedia Commons/ Hans Peters

I dag var det den store byttedagen, sa dei på TV i kveld. Men eg fekk ikkje jolegåver eg vil bytte, så dermed vart det ein innedag på meg. Det høvde godt, for i dag har det vore glatt og ikkje så godt å halde seg på føtene, til og med dei på fire hjul har hatt problem.

I staden fullførte eg boka om Astrid Lindgren som eg fekk til jul. Det er ein biografi på 460 sider. Boka var så medrivande at det var vanskeleg å legge ho bort. Den danske forfattaren Jens Andersen, med doktorgrad i nordisk litteratur, skriv svært interessant.

Astrid Lindgren er sikkert mest kjent som mor til Pippi Langstrømpe, Mesterdetektiven Blomkvist, Mio, min Mio, Rasmus på loffen, Emil fra Lønneberget og Ronja Røverdatter. Alle mine fire barn hadde desse svenske ungane med seg i oppveksten i større eller mindre grad, bøker og filmar gjorde oss kjende med Emils mange hyss og vi var glade for at han nådde snekkerbua før faren fekk tak i han.

I sin gjennomgang av livet til forfattaren får vi eit større perspektiv på både dei litterære figurane og forfattaren. Eg skreiv tidlegare om alle breva Astrid Lindgren skreiv. Dei er arkiverte og gjev eit godt grunnlag for å lage ein slik biografi, men forfattaren må ha hatt god hjelp for å skaffe seg oversikt i eit så veldig stort materiale.

Å finne dei røde trådane i livet til forfattaren synest eg han har lukkast god med, vi får vite både om bakgrunn for figurane og om alt det andre Astrid Lindgren opplevde i sitt lange liv. At 100.000 kransa gatene i gravferda hennar, det høvde godt for barnebokdronninga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *