Gapahuk

Share

Eg les på Setesdalsnytt at det er sett opp ein gapahuk på leikeplassen i Valle. Biletet syner ein flott plass med benker og til og med plass til bålpanne.

Kan hende ein slik konstruksjon kunne fungere som ventebu i sentrum også. No har dei tilsette i Valle kommune i årevis sunge om den manglande ventebua for folk som skal vente på bussen en sur vintermorgon. Over alt langs riksveg 9 er det ventebuer, men i Valle sentrum manglar det ei slik bu.

Eg er neppe inhabil i denne saka, jfr. alle oppslaga i Setesdølen dei siste vekene. Eg har ingen planar om å ta bussen frå Valle til Mandal, så eg vil ikkje ha nytte av ei slik ventebu. Men elevane mine reiser ofte nedover dalen med buss. For nokre år sidan søkte dei tilflukt i inngangen til menighetshuset ein kald vintermorgon, men det kunne ikkje buss-sjåføren vite, så han var litt sein, og då han ikkje såg nokon på haldeplassen i det ufyselege veret, dura han bare rett gjennom sentrum. Det var den byturen for elevane mine.

Ei bu av typen gapahuk kunne vore løysinga på problemet i Valle sentrum. Kan hende er det banken som skal skaffe det. Dei har jo tomta like ved busshaldeplassen, den gamle bankbygningen ligg jo der. Med store skilt – slik dei har på fotballbanen, godt lys og greier, vil det vere ei høveleg gåve til bussreisande i høve 150-årsjubileet i 2016.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *