Heilside i avisa

Share

I dag var det ein heilsides artikkel i Fædrelandsvennen om Setesdalswiki. Det var jo triveleg at regionavisa hadde funne ut at leksikonet for Setesdal er noko å skrive om.

Flott bilete hadde dei og fått på plass, Børre Eskedahl og Kari Byklum var innom meg ein dag tidlegare i haust og tok bilete frå klasseromet etter at elevane var ferdige for dagen. Sjølve intervjuet gjorde Christine Guldbrandsen medan eg var på tur nedover dalen i god tid før fotografen kom innom. Eg fekk lese artikkelen ho skreiv, men då den kom i avisa, hadde ho fått med kommentar frå Bjørn Ropstad på Evje og Reidar Tveito på Byglandsfjord.

Eg sjekka litt på statistikken no. Då har besøkstalet på Setesdalswiki auka ein del i dag. Ikkje slik at det er rekord, men høgare enn dei fleste dagane i desember. Talet på sidevisningar vart og ganske høgt.

Men i dag har eg ikkje hatt høve til å promotere sida og artikkelen noko særleg, for nettet fall ned her, både telefon, tvi og internett. Det var borte i sju timar, og då det kom att, fekk vi besøk av barn og barnebarn. I tillegg var det handballkamp, så skriving på Setesdalswiki var ikkje prioritert.

Det er mykje meir eg kunne kommentert når det gjeld idear og planar for kva ein kan skrive om på Setesdalswiki. Men så langt held eg meg så nokonlunde til det som var ideen frå starten.

Setesdalswiki har og ei facebookside, og der la Margunn ut eit bilete av artikkelen. Til vanleg når noko vi legg ut der mellom 200 og 400, men dette nådde over tusen, det var jo moro. No er det 650 som har likt facebooksida vår til no, men eg trur ikkje artikkelen i avisa fører oss over 1000, sjølv om vi kanskje kan få nokre fleire liker-klikk.

Men mest av alt skulle eg i denne samanhengen ønske at fleire vart med i skrivedugnaden for å dele informasjon relatert til Setesdal, ein flott og aktiv dal med mange interessante folk å skrive om.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *