Helselag

Share

Etter at vi flytta til Mandal, tok Reidun opp arven frå sin far Nikolai og engasjerte seg i Omland Helselag. Då var laget, som i si tid hadde medlemmer frå dei fleste husa i grenda, blitt ei forening som kom saman ein gong i månaden og som hadde ein basar. Pengane som kom inn vart nytta til trivselstiltak i vid forstand, særleg for eldre.

Med åra vart medlemmene ikkje yngre, eg trur kanskje Reidun var den yngste, og i fjor slutta dei med sine faste møte. Men foreninga vart ikkje lagt ned, ho vart sett på pause inntil vidare.

Siste året har eg hatt med meg Stine Kocian frå Nasjonalforeningen i Valle Radio eit par gonger i samband med at det har vore demenskurs i Setesdal. Ho fortalde då at organisasjonen hadde fått TV-innsamlinga for nokre år sidan, og pengane dei då fekk inn, hadde blitt brukt på demensarbeid. No er det slike forenignar i mange kommunar.

Eg les på wikipedia at Eksempler på aktiviteter er tur- og trimgrupper, ulike møteplasser og trivselstiltak for eldre. Der er det ikkje nemnt arbeidsmåten som Reidun si gruppe hadde, så eg har ei stund lurt på om kanskje det hadde vore ein ide for oss her lokalt å finne ei slik form for å halde fram arbeidet.

I årets siste Setesdølen ser eg at helselaget i Bygland har hatt ei gjestebok på Utsikten ved Landeskogen. I 2015 er det registrert 1843 turar dit, i år var det 14 sprekingar som hadde gått dit 15 gonger eller meir, og mellom desse vart det trekt ut ein vinnar som fekk eit gåvekort på Intersport Evje.

Det kunne også vere ein ide til ein aktivitet andre helselag kunne organisere. Elles har eg tenkt på foredragskveldar om helserelaterte emne, det kunne vel kombinerast med ei kaffeøkt og sosialt samvær, det er mykje helse i godt naboskap.

Kan hende kjem laget i gang att i 2016. Då skal eg skrive om det her på bloggen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *