Innstramming

Share

I nyhetene i dag var det meldt frå ein pressekonferanse om endringar i innvandringslova. Fremskrittspartiet har begge hendene på rattet i denne saka, og dei har fått til eit asylforlik med andre parti, så det verka som om det var politisk semje for mykje av det som kom fram.

Eit problem som vil råke mange om desse innstrammingane vert sette ut i livet, er familiegjenforening. Alt no er det store problem for folk som vil få ektefelle frå eit anna land til Norge. Det har mange fått oppleve. Vi som jobbar på grasrota og møter flyktningar, har opplevd fleire slike saker.

Det er ikkje godt for ein person å gå å vente på å få familien til landet. No tek det eit år eller to, ofte endå lenger, der ein går i uvisse og der mykje av konsentrasjonen i høve til andre ting i livet vert borte fordi arbeidet med å få løyve for ektefellen dreg så ut i tid. Ein ting er kjensler, ein annan ting er det økonomiske aspektet. No skal det ta endå lenger tid og koste endå meir.

Eg opplever at dette ikkje er godt for dei det gjeld, og heller ikkje for venner og kjente. Difor skulle eg ønske at ein heller kunne gå andre vegen og seie at terskelen for familiegjenforening skulle verte lågare, at søknader skulle handsamast raskare og kunne realiserast fortare. Ingen får ektefelle til landet for at det offentlege skal ta seg av ektefellen, den som har ein ektefelle, vil leve saman med vedkomande og klare seg sjølv.

Om vi gjer eit tankeekspreriment og tenkjer på kva godt som kan hende om ventetida vert korta ned til ein månad eller to i staden for eit år eller to, som det er nå, trur eg dei fleste vil tenkje at det vil vere bra for dei det gjeld. No må den som bur i Norge reise på besøk til landet der ektefellen bur, det kostar pengar og dei pengane kunne vore brukt betre på at paret kom i gang med samliv i Norge.

Tracy og Htoo Thaw

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *