Jolesamling

Share

I kveld var det ei enkel jolesamling for medarbeidarane i Valle Radio på Sølvgarden. Vi møttest klokka 18, Ørnulf helsa velkommen og takka for innsatsen i året som gjekk. Menyen var joletallerken med riskrem til dessert.

I samkoma gjekk praten livleg om både radiorelaterte og andre tema. Etter halvannan time braut mange opp, men ei god gruppe av oss vart sitjande og prate om laust og fast endå ei stund utover.

At medarbeidarane sette pris på dette, synte det store oppmøtet. Heile 24 av dei 36 som står på lista over medarbeidarar, møtte opp.

For å kunne delta måtte eg reise noko tidlegare heimefrå enn eg pleier til vanleg. Men denne dagen var det ikkje så stor trafikkk nedover dalen, så turen gjekk greitt. Det er jo alltid godt å kjøre i dagslys, og denne dagen var ein særleg fin vinterdag med kuldegrader både ved kysten og lenger inne i landet. Då eg tok bilen etter måltidet, var det -9 på Rysstad, men i Valle var det -7 då eg parkerte.

Så går vi inn i siste veka før joleveka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *