Joleveka i Valle Radio

Share

I sendinga sist tysdag sa eg at det kanskje kom til å bli sending i Valle Radio tysdag 22. desember. Men dei tankane vi hadde då, let seg ikkje realisere, så i morgon vil du nok bare høyre P4 i kanalen.

Men onsdag, lisle jolekvelden, då sender radioen direkte frå Valle sentrumsforeinings sitt store jolelotteri mellom klokka 17 og 18. Deretter er det sending frå studio. Programmet frå studio er teke opp tidlegare og det er truleg ikkje folk i studio denne kvelden, det heile vert styrt frå telefonen til Jørund Georg, og då kan han vel vere kor han vil.

Om nokon hadde fortalt oss som hadde radio i toppetasjen på det gamle heradshuset i 1997 at den digitale løysinga skulle vere slik under 20 år seinare, hadde vi nok bare smilt og sagt at det skjønar vi oss ikkje på. Men no tek vi det mest som sjølvsagt at ein kan gjere noko slikt. Alt lenge har vi hatt ein app som koplar oss opp mot sendaren i Bykle, ein treng ikkje vere i radioen for å gjere det heller.

Men desse filosoferingane høver kanskje betre under ei anna overskrift. Lukke til med førebuingane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *