Kahoot!

Share

Eg fortalde i går om julequizen vi hadde i går og at eg hadde planar om å lage ein slik julequiz til i dag.

Det er Kahoot! som er programmet eg tenkte på. Reklamen seier at det fungerer glimrande både i sosiale og faglege samanhengar, så eg sette meg til med nokre aviser, fann quiz frå dei og brukte nokre av spørsmåla og fann sjølv på andre. Med god hjelp av Helge fann eg etterpå ut korleis eg skulle bruke dette, og i Lyngdal i dag, der vi var seks vaksne med mobiltelefon, testa vi det ut.

Dessverre hadde vi ikkje prosjektor, då må ein lese opp spørmåla og svaralternativa, for eit lite nettbrett er ikkje stort nok til at alle kan sjå kva svaralternativa skal vere. Men vi sette likevel i gang.

Etter fem spørsmål krasja systemet, så då var det bare å begynne på nytt. Men etter åtte spørsmål gjekk det i stein att, og då var det bare å takke for tålmod hos prøvekaninane og håpe på betre lukke neste gong.

Neste gong blir truleg når skulen startar att etter nyttår, då kan eg ha gloseprøve med dette systemet. Vi kan og ha testar i samfunnskunnskap så vel som i leseforståing etter same prinsippet. Så eg vonar det kan bli ei kjelde til glede for både lærar og elev framover. Å ha program som kan utnytte dei verktøy vi har på skulen, er ein rikdom.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *