Kos i stova

Share

I kveld har vi praktisert ein leik som har vore nytta i familien vår i årevis. Vi teiknar opp eit skjema med rubrikkar, og så set vi overskrifter som land, hovudstad, by, elv, fjell, guttenamn, jentenamn, mat eller dyr. Deretter finn vi ein bokstav, og så skal vi finne ord på denne bokstaven i dei ulike rubrikkane.

Det er ein leik som mange kan vere med på, både barn og vaksne, men barna må jo vere litt store, men då finn dei ofte glede i å kunne namn på land og hovudstader, så dei heng med, eller ein kan lage par som er saman om å finne svar.

Ein slik kunnskapsleik er svært sosial, vi deler kunnskap og når to har nytta same namn, får dei ikkje poeng, så det er om å gjere å vere kreativ, men ikkje for kreativ.  Ofte tenkjer vi likt, og då misser vi poeng. Latteren kan stå i taket for forslag til namn når ein ikkje er heilt sikker på kva ein skal skrive.

Då kan TV vere av, noko som i kveld høvde godt etter at vi hadde late oss underhalde av jublande handballjenter både under og etter kampen, noko som gav mykje lyd. Gratulerer med håndballsiger, og gratulerer til den som vann i stovas uhøgtidelege konkurranse.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *