Regionrådet strevar

Share

I går var det ekstraordinært styremøte i Setesdal Regionråd. Evje og Hornnes kommune vil redusere sitt bidrag med ein million, det er dramatisk for rådet. I kveld var fungerande styreleiar Jon Rolf Næss med på telefonen i Valle Radio og fortalde om situasjonen.

Kvar kommune legg inn 1,3 millionar i regionrådet, det blir 5,2 millionar. Så legg fylket i like mykje, dei pengane kjem frå sal av konsesjonskraft, der fylket får opp mot 70 mill fordi setesdalskommunane har så få folk at kommunane ikkje klarer å bruke konsesjonskrafta som vert produsert i kommunane.  Den blir då seld gjennom selskapet Konsesjonskraftfondet der Arne Tronsen er leiar.

Noko av dette vert så tilbakeført til kommunane gjennom løyving til regionrådet, det medfører at pengane som kommunane skyt inn, vert dobla. Om kommunane reduserer bidraget, vil fylket og kunne redusere sitt bidrag. Resultatet blir minde til næringsutvikling i Setesdal, og alle vil jo gjerne at næringslivet i dalen skal bløme.

Evje og Hornnes vil kanskje setje ein million på fond i staden for å løyve til regionrådet, og så vil dei nytte pengane i eigen kommune. Helst vil dei at dei fire kommunane skal opprette eit felles næringsselskap ved sida av regionrådet. Men det vil ikkje dei tre andre.

Jon Rolf Næss fortalde godt om korleis regionrådet strevar for å kome til ei løysing som alle kan leve med. Dei har til no ikkje drøfta spørsmålet om å analysere korleis løyvingane verkar. Men dei er ikkje ferdige enno. 17. desember er det representantskapsmøte, der møter alle formannskapa, då vil dei få ei orientering, og så må styret arbeide vidare med saka på nyåret.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *