Sykehuskonsert

Share

Eg hadde to avtalar på sykehuset i dag. Med ujamne mellomrom kallar dei meg inn til kontroll, håpet er vel at eg skal unngå å verte innlagt att.

I dag var alt vel, eg kom fort ut frå den første, men kunne ikkje kjøre heim med det same, for eg hadde altså klart å få til at når det trengst, kan eg ta to kontrollar på same dagen. Difor sette eg meg i kafeen og venta på neste avtaletidspunkt, det var litt avstand mellom dei to avtalane. Reidun var med, ho kjøpte kaffi og avis til meg, så det var rein velstand.

-Det ser ut til at vi får konsert i dag, sa ho. Eg sat med ryggen til det som skjedde, men ho hadde full oversikt. Så høyrde vi klimpring på ei harpe. Slike instrument må jo stemmast, det tek si tid.

-Han som sit ved nabobordet trur eg er komponisten som har vore med i Reisen til Betlehem som Fævennen skriv om i dag, sa Reidun. Han kom saman med musikarane.

Det var sikkert 40 personar i området, men ingen kjende. Klokka var 10.40. Min nye avtale var klokka 11, så 10.50 gjekk eg. Reidun gjekk og, ho måtte legge meir pengar på parkeringa.

Til vanleg tek den avtalen eg hadde klokka 11 om lag 15 minutt, så eg håpa at eg skulle få høyre nokre fine tonar då eg kom ned att. Men denne gongen måtte eg vente ein halv time før eg kom inn, ho som eg skulle møte var blitt kalla ut på eit hasteoppdrag på ei avdeling. Så klokka var 11.50 då eg kom ned i kafeen att.

Då var konserten over, harpa forsvunne, musikarane borte.

Det var den konserten.

Vonar nokre andre fekk glede av musikken. Eg hadde vel tenkt at eg skulle få oppleve noko liknande det vi har sett på film på facebook, at ein tek til å spele, og så fyllest det opp med eit heilt orkester. Det hadde vore noko i denne adventstida.

Og sjølv om niesa mi spelar obo i Kristiansand Symfoniorkester, har eg enno ikkje vore og høyrt henne i Kilden. Ho var ein annan stad denne dagen, dei var ute på små ensemblekonsertar rundt om, alle saman. Eg var så nær, så nær, men ikkje nær nok.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *