Puslespill i mørke

Share
Puslespill i godt lys. Foto: Wikimedia Commons
Puslespill i godt lys. Foto: Wikimedia Commons

Å legge puslespill er ein kjær aktivitet i familien, særleg i jula. Då vert eit stort bord rydda og så hentar ein fram eit puslespill, anten eit ein fekk i julegåve dette året, eller eit frå tidlegare tider.

Det er rimeleg lett å legge puslespill når ein veit motivet. Då kan ein ta fram lokket og sjekke ut fargar og former, sortere brikker og få orden i kaos. Eg er ikkje spesielt glad i puslespel, men den type pusling kan sjølv eg få til om eg tek tolmod til hjelp.

Verre er det når motivet er ukjent. Nokre puslespill er laga slik at lokket har eit bilete av folk som ser mot motivet, men motivet er ikkje kjent, bare reaksjonen på motivet. Då må ein ta i bruk endå fleire kreative evner for å løyse oppgåva.

Å legge puslespill i mørke må vere verst. Då er det bare forma på brikkene som avgjer korleis det vert. I dag høyrde eg ein kommentar i radioen der dei snakka om nobelprisvinnaren i litteratur i 2015. Han var fransk og skreiv mykje om korleis det digitale minnet har gjort at vi ikkje lenger hugsar slik folk hugsa før. Då kan det verte som å leggje puslespel i mørke.

Det blir ofte sagt at ein må endre seg i takt med utviklinga. No er det tid for å endre Setesdal Regionråd, vert det hevda frå Evje og Hornnes. Dei vil etablere eit selskap som skal reindyrke satsinga på næringsutvikling i Setesdal og meiner at eit slikt selskap burde disponere 75% av pengane regionrådet i dag har til disposisjon. Dei andre kommunane er usamde, og då vurdere Evje og Hornnes å trekkje seg frå heile samarbeidet. Medan dei prøver å finne ei løysing, slepp Evje og Hornnes å betale inn heile bidraget til fellesskapet, dei kan betale ein million inn på bok og bare tre hundre tusen til regionrådet medan dei andre kommnane betalar fullt bidrag.

Når så Evje og Hornnes står fast på sitt krav før dei skal forhandle med dei andre tre kommunane, seier Valle-ordføraren at eit slikt møte vil han ikkje vere med på, det er jo ikkje noko å forhandle om.

At styreleiar i regionrådet godt kunne tenke seg å ikkje vere leiar under slike villkår, det kan ein forstå. Å finne ei løysing på denne floken, vert som å legge puslespill i mørke. Kanskje det er grunn til å sjå litt på historia, om ikkje minnet er heilt borte. At Setesdal Regionråd har fungert så godt, skuldast ikkje minst at Bykle var  svært raus i oppstartsperioden. Då skaut dei inn mykje meir enn dei andre kommunane, noko som eg trur særleg kommunane i sør hadde god nytte av.

Eit slikt glimt av lys inn i mørket når puslespill skal leggjast, kan kanskje gje deltakarane i spelet erkjenning. Når dei tre i nord ikkje har sans for å leggje næringsarbeid i eit eige selskap, men heller vil behalde det direkte under regionrådet, må nok andre brikker fram for å byggje ferdig biletet.

Sjølv har eg lurt på om ikkje ei slik brikke kunne vere kulturarbeid. At regionrådet starta som næringsråd og har ytt gode bidrag til næringsutvikling, særleg når det gjeld infrastruktur, gleder eg meg over kvar gong eg køyrer opp og ned dalen og tenkjer på korleis vegen var for 25 år sidan. Det er noko som folk nord i dalen opplever kvar dag, men folk sør i dalen opplever det bare når dei reiser nordover.

Kva om vi utvida perspektivet og tok til å sjå kva som kan gjerast for å styrkje kulturlivet? At Setesdal som «kulturdal» blir like kjent som Setesdal som «kraftproduksjonsdal». Kanskje det er det som må til for at næringsarbeid skal skyte fart, og då må heilskapen vere rettesnora for at puslespelet som heiter å byggje og skape ny giv i Setesdal skal lukkast.

Urimeleg

Share
Stavanger Aftenblad sitt bygg i Stavanger, som avisa no må betale husleige til Schibsted for å bruke. Foto: Jarle Vines, Wikimedia Commons
Stavanger Aftenblad sitt bygg i Stavanger, som avisa no må betale husleige til Schibsted for å bruke. Foto: Jarle Vines, Wikimedia Commons

Eg har meir enn ein gong tenkt at det er urimeleg at så stor del av verdiar som er skapte i distrikta, skal ende opp i Oslo og at distrikta skal avfolkast og ungdommane våre skal finne seg jobbar og levebrød i det sentrale austlandsområdet og bli verande der. Bruk og bustader blir feriehus som står mørke det meste av året.

I dag var det eit debattinnlegg i Stavanger Aftenblad. Det gjaldt avisa, for det oslobaserte selskapet Schibsted har i løpet av nokre år skaffa seg eigarskap til både den avisa, Fædrelandsvennen, Bergens Tidende og mange andre aviser. Vi merkar det her på Agder ved at A-magasinet no er vedlegg til Fædrelandsvenne på fredagar og at God Helg ikkje lenger er magasinvedlegg som før, men ei avis i avisa på laurdagane. Vi merkar det og ved at avisa vert trykt i Stavanger og at ho ikkje lenger kan rapportere frå noko som skjer om kvelden i vår landsdel, deadline er blitt klokka 18. Eit fullt moderne avistrykkeri i Vågsbygd vart lagt ned, ei investering på mange millionar kroner vil nå kunne seljast som skrapjern, om det ikkje alt har skjedd.

Christian Wedler, gruppeleiar i Stavanger Frp og forretningsadvokat tok i innlegget opp denne saka. Schibsted har tømt Aftenbladet for alt av verdiar, til og med annonseinntektene kanaliserast no gjennom annonseseljarar i Oslo. Han skriv ikkje om andre aviser, men det er grunn til å tru at dei har gjort det med dei andre regionavisene dei har overteke. VI har jo merka at mykje stoff i Fædrelandsvennen er skrive av journalistar frå Stavanger og Bergen, og det er ikkje NTB-stoffet eg tenkjer på. Lokal redaksjon er blitt mindre og mindre, no må avisa kjøpe stoff av frilans-journalistar i større og større grad. Dei kan ikkje byggje opp eigen kompetanse i same grad som før. Er det nokon som trur at det blir betre lokal/regional dekning?

I feeden min på Facebook kom denne kommentaren frå Frode Inge Helland i Ålesund: Den samme, gamle visen. Verdier skapt på Vestlandet, Norges økonomiske ryggrad opp gjennom historien, forbrukes på Østlandet. Vestlandet forblir utkant.

Og det er sant, både fiske, olje og elektrisk kraft er verdiar som i stor grad er skapt i vest. Vi opplever det urimeleg at kommunal skatt på verk og bruk er foreslått avvikla eller endra så større del i staden kan hamne i Oslo og tenkjer at det ikkje er særleg stor fordel å sitje att med store dammar i heiane utan at det kjem lokale inntekter av produksjonen. I sterkt kritiske augneblenk lurer ein på om det er slikt som skal finansiere skatteletten for dei rike.

 

 

 

 

Stormen Tor

Share

I kveld blir det stormenTor som blir tema for bloggen. Den blir ganske kort, for eg bur nokså lunt og merkar ikkje så mykje til han, anna enn på TV. Men eg tenkjer på alle vestlendingar som sit utan straum i kveld og føler med dei.

Eit problem når straumen går, er at vi har etter kvart fått så mange apparat som stoppar. Nokre av desse har vi gjort oss avhengige av, så når det blir straumstans, blir vi nokså hjelpelause. Difor håpar eg at dei som er ute for å reparere linjer og få straumen tilbake i mørke natta, klarar dette utan uhell, til beste for særleg dei som elles får ei vanskeleg natt.

Morgondagen vil vise kva skader som vart gjort, men det er all grunn til å takke dei som melder storm og uver for gode målingar. Dei gav god hjelp for å redusere skadene.

Temaundervisning

Share
Ragnar Aspholm forteller om klær på språkkaféen og får hjelp av Merawi. Foto: Marja Leena Steinbru
Ragnar Aspholm forteller om klær på språkkaféen og får hjelp av Merawi. Foto: Marja Leena Steinbru

I dag var elevene på Valle Vaksenopplæring invitert til språkkafé på Frivilligsentralen. Vi skulle ha en temadag om ski, og Marja-Leena Steinbru hadde samlet sammen ski og skisko og folk til å snakke om ski og relaterte emner.

Jeg hadde minnet om arrangementet på Facebook og her på bloggen, men av de som vi nådde på sosiale medier var det bare Kjellaug Rysstad som hadde anledning til å være med klokka halv tolv en torsdag . Vi hadde ikke hengt opp plakater, det skal vi gjøre neste gang, for det hadde vært hyggelig om flere hadde funnet veien til arrangementet.

Kafédelen ble dekket ved gratis servering av brødlunsj bestående av ferskt brød, smør, ost, syltetøy, agurk, tomat, appelsin, kaffe og te. Kjøkkentjenesten stod Gunveig Kaarvand for, og praten gikk godt rundt bordene, alle hadde en nordmann ved sitt bord, så det ble mulighet til å praktisere norsk.

Programmet besto av tre korte innlegg, og Gunnar Brottveit var den første. Han snakket om ulike typer ski, om skismøring og om smørefrie ski. Ski ble sendt rundt og man fikk se ulike skityper og mulighet til å forstå litt mer av dette. Noen av elevene hadde prøvd å stå på ski og erfart problemene med å holde balansen.

Monique Jore var den neste som hadde ordet. Hun fortalte at barn i Norge kunne begynne å gå på ski når de var helt nede i to år. Å komme seg ut på tur er nyttig for helsa, når man beveger seg, produseres endorfiner, kroppens lykkehormon. Man bør helst bevege seg en halv time hver dag, slik at man får opp blodsirkulasjonen.

Til sist kom Ragnar Aspholm. Han fortalte om hvordan man bør kle seg når det er kaldt, at man ikke bør bruke bomull, men ha flere lag med ull og så ha noe vindtett ytterst. Han fortalte også at man bør ha lue om man ikke skal fryse på beina og at stållenke på klokka tar mye varme fra hendene.

Alle innlederne hadde fin dialog med elevene og etter hvert ble de motivert for å få til en skitur seinere i vinter. Marja-Leena hadde snakket med Anne-Liv Lidtveit, som er leder i Valle IL, og hun ville gjerne bli med oss på en tur til Brokke. Der har idrettslaget en hytte hvor man kan ha pause når man har vært ute en stund. Så det kan godt tenkes at det blir en skitur for alle våre elever litt seinere på vinteren.

Til slutt var det bare å rydde kaféen og si takk for i dag. Med engangs service var det lite oppvask, men noe måtte man jo ta vare på etter måltidet. Ski og relaterte emner er ikke sentrale i lærebøkene vi bruker, men for innvandrere som bor i Valle, er det vanskelig å unngå dette temaet, i alle fall om man har barn på skolen, de har jo skidager hvert år. Så nå kan man håpe at de forstår litt mer når barna kommer hjem og snakker om å gå på ski med norske venner.

Takk til Frivilligsentralen og Marja-Leena Steinbru som finner måter å bidra til integrering for våre elever i lokalsamfunnet i Valle.

Integrering

Share
Fra juleavslutninga 2015 der elever på Valle Vaksenopplæring og folk fra Valle snakket sammen ved bordene. Foto: Marja Leena Steinbru
Fra juleavslutninga 2015 der elever på Valle Vaksenopplæring og folk fra Valle snakket sammen ved bordene. Foto: Marja Leena Steinbru

Sina Saltbones er lei av ordet integrering. Hun mener det blir for ullent for folk. Hun vil heller kalle det “å gå tett på”. Det er det eneste som virker uansett, mener hun.
-Gå nærmere, bli kjent med dem som kommer, og la dem bli kjent med “oss”. Hvis vi er redd for at “de skal forandre Norge”, så må vi heller dra dem med inn i verden da, slik vi ønsker den skal være, sier hun.

Sina Salbones ble kåret til «Årets modigste kvinne» av magasinet Tara sist høst. Sitatet ovenfor fant jeg i Kristiansands Avis, som hadde en stor artikkel om henne i dag.

Det fikk meg til å tenke litt. Hvor mange er det som “går tett på” de flyktningene som bor i Valle. Gruppa Refugees welcome til Sølvgarden har gjort det i forhold til de som bor på akuttmottaket på Rysstad, men vi har hatt flyktninger som har bodd i Valle i flere år og som man ikke engang hilser på når man møtes i sentrum. Jeg får av og til spørsmål om hvorfor folk i Valle ikke hilser, og jeg blir jo svar skyldig.

I morgen, torsdag 28. januar klokka 11.30 har du en mulighet til å komme tett på de eritreiske og syriske flyktningene som nå går på Valle Vaksenopplæring. Da inviterer Frivilligsentralen til språk-kafé i Menighetshuset i Valle. Vi spiser lunsj, bestående av brød med ost og syltetøy, deretter vil vi ha tema om tur og skigåing. Gunnar og Ingrid Brottveit, Ragnar Aspholm og Monique Jore har sagt at de vil komme og si litt til innledning, men jo flere som kommer og bidrar i små samtaler, jo bedre vil det fungere. Derfor håper jeg at du som leser dette, svinger innom en tur, kort eller lenge, og slik kommer litt tettere på de som allerede har bodd her et år eller mer. De er ikke flytende i norsk, men litt enkel samtale kan sikkert alle få til. Om vi legger godviljen til, vil denne torsdagen bli en annerledes torsdag for alle parter.

 

Endeleg i studio att

Share

 

Torsdag er det språk-kafé i Frivilligsentralen. Foto: Britta Lise Homme
Torsdag er det språk-kafé i Frivilligsentralen. Foto: Britta Lise Homme

Etter at vi hadde problem med antenna og eg fekk problem med krimsjuke og hostekuler, var det godt å kunne planlegge og gjennomføre den første tysdagskvelden i Valle Radio 2016.

Sjølv om eg i helga tenkte ein del på kva eg skulle ha i programmet, gløymde eg å sende det til avisa innan klokka 10 måndag. Det var ikkje før eg var ferdig med undervisninga klokka 14 at eg plutseleg kom på at annonsen måtte lagast. Men Gerd i avisa var snill og fekk plass på sistesida, her er annonsen:

Tysdag 25. januar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar. Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
 
Onsdag 26. januar
 
18.00 Kommunestyremøte
Så tenkte eg litt meir på programmet måndag kveld. Ettersom det er kommunestyremøte onsdag, og dermed ikkje vanleg sending denne dagen, tenkte eg at eg ville ha ein aktuell time. Eg ville ha med meg banksjef Vidar Homme i den aktuelle timen, han hadde tidlegare lova å kome tilbake med meir informasjon om jubileet i Valle Sparebank. Med utgangspunkt i gårsdagens blogg ville eg og gjerne høyre kva ordførar Steinar Kyrvestad hadde å seie i høve den høge gjelda pr. innbyggjar som Valle kommune har.
Då eg i dag ringde Vidar Homme, var det ja med det same, han måtte bare få sleppe til før han skulle på fotballtrening, han er trenar for eit lag som hadde trening klokka 19. Dermed kom han først i kveldens aktuelle time. Men Steinar Kyrvestad hadde styremøte i Valle Ap i kveld, så han kunne ikkje.
I dag kom avisa, og då var det å sjå om noko der kunne vere aktuelt for radioen. Oppslaget om Setesdalskonferansen var interessant, så eg tok ein telefon til Styrk Fjærtoft Trondsen for å få han med i radioen, men han var oppteken frå klokka 17, så då måtte eg gjere avtale med Signe. Ho tok ein pause i kveldens øving i Bygland Hornmusikk for å ta telefonen og snakke i radioen. I avisa var det og ny informasjon om renseanlegget på Rysstad, det har eg snakka med Torleif Homme om før, så no fekk eg han til å kome med ei oppdatering. Etter å ha planlagt språk-kafé med Marja-Leena Steinbru komande torsdag klokka 11.30 var det naturleg å fortelje om det i radioen og invitere folk til den. I tillegg var det plass til besøk i studio av Liv Tanche-Larsen og Sondre Rua Dokken frå Hylestadrevyen, og dermed var timen fullbooka og vel så det.

Gjeld eller formue?

Share
Valle treng meir enn småkraftinntekter for å redusere gjelden. Her frå Kveasåne kraftstasjon. Foto: Wikimedia Commons
Valle treng meir enn småkraftinntekter for å redusere gjelden. Her frå Kveasåne kraftstasjon. Foto: Wikimedia Commons

Hva er best, gjeld eller formue?

Jeg tror nok at jeg vil si at det er best å ha formue. Å ha penger på bok er det som gir størst handlefrihet. Det gjelder i alle fall i privat økonomi, og jeg skulle tro det var omtrent slik også i offentlig økonomi.

VG har laget robotjournalistikk på kommuneøkonomi. De har delt kommunenes gjeld på antallet innbyggere, og da viser det seg noen tall for Setesdal som jeg vil sette opp  her:

Gjeld pr. innbygger i 2014:

Bykle: 18145
Valle: 97843
Bygland: 61380
Evje og Hornnes: 44047
Oslo: 29669
Norge: 54000

Valle er helt i toppen, kommunen ligger på femteplass av kommunene i Agder og Telemark. I andre enden ligger Bykle, som bare har Fyresdal med mindre gjeld pr. innbygger.

Helt fra jeg kom til Valle i 1991 har jeg fått høre at det gjør ikke så mye om vi har stor gjeld, for vi har store inntekter. Men når inntektene faller, blant annet fordi folketallet går ned, så tror jeg kanskje det gjør noe likevel.

På denne bakgrunnen er det i alle fall lettere å forstå at kommunestyret sa nei til sentrumsbygg. I den andre enden finner vi Bykle. Jeg leste i avisa at de satte opp minisykehus på Hovden til 25 millioner uten å låne penger.  Jeg skulle tro at det er mye hyggeligere å være Ap-ordfører i Bykle enn i Valle i en slik situasjon. Kanskje burde vi ta en prat i Valle Radio om disse tallene. Det er alltid litt mer interessant når de settes i relieff og sammenliknes med nærliggende kommuner.

Om jeg var politiker nå, tror jeg at jeg ville satt som mål i det minste å komme ned på landsgjennomsnittet når det gjelder lånegjeld. Så fikk heller investeringene vente. Kommunen må få handlefrihet igjen.

Såmannssøndagen

Share

I dag var det såmannssøndagen i kyrkja, og dette var litt frå ein av tekstane:

14 Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av.15 Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus. 16 Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, 17 så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.

2 Tim 3,14-17

Håvard Viki hadde spurt meg om å tale på menighetshuset i Valle klokka 19, og trass i forkjøling, det er vanskeleg å seie nei når Håvard spør, for han er eit ja-menneske, og då vil ein gjerne hjelpe når ein kan. Så eg starta heimefrå i tre-tida og fekk ein tur med lange køar mot meg av trafikk frå Hovden, men vel halv sju var eg i Valle og vart ønska velkomen av Håvard.

VI var ti personar på møtet i lillesalen i Menighetshuset. Kjetil Rike hadde med trekkspelet, og etter åpning av Håvard og eit par songar, hadde Ånund Lund nokre tankar han delte med oss før eg fekk ordet. Denne kvelden hadde eg førebudd meg på nettbrettet, det var første gong eg hadde det i bruk under ein tale, men det var lagleg. Teksten kunne eg finne hos bibel.no, den kunne eg forstørre så den passa godt å lese.

Når eg talar, tek eg gjerne med noko som eg har opplevd dei siste dagane, og denne gongen hadde eg funne litt informasjon om ein salmediktar som heitte Olai Aalen. Han var lærar, kyrkjesongar og forfattar, far til professorane Sverre Aalen og Leiv Aalen som var på Menighetsfakultetet. I Sangboken er det tre songar av han:

450 Jesus styr min vesle båt

750 På åkeren ut

774 Å var det så vel

Dei nyttar vi ikkje så mykje no lenger, men dei er ikkje heilt gått i gløymeboka, sjølv om dei er nærare hundre år gamle. Olai Aalen levde frå 1874 til 1949. Særleg nr. 750 høvde godt i dag, som var såmannssøndagen. No i kveld fann eg ut at Birgit Rike Lund har den  med som spor 18 på plata ho har gitt ut, Med Rosur Raude. Om eg finn plata i radioen til tysdag, vil eg spele den sangen.

Guds ord er spirekraftig. I dag lærer ikkje dei unge så mykje som vi gjorde, det er ei anna tid, men dei som les i Bibelen og grunnar på ordet, vil sjå at bodskapen om Jesus kan ein finne også i Det gamle testamentet, slik Paulus seier i brevet til Timoteus. Han har lært dei heilage skriftene frå han var ung, og det har vore nyttig for han. Det er nyttig også i dag. Når ordet er sådd, vil det vekse og bere frukt.

Asbjørn Kvalbein, Noreapastoren, har i dagens oppmuntring noko om dette. Stykket heiter Leve med ham.

Å lage leksikon

Share

Ettersom ein no ikkje lenger lagar papirleksikon, og wikipedia har gjort leksikonskriving til noko alle kan vere med på, har denne sjangeren blitt meir vanleg for folk flest. Men det er likevel ikkje så lett å få det til, og på wikipedia går diskusjonen ivrig om korleis artiklar skal vere. Det siste året har det vore spesielt viktig å syne kjeldene til artiklar ein skriv.

Då eg starta for mange år sidan, var det ikkje så viktig med kjelder. Over tid har det utvikla seg eit system der det no er det viktigaste. Utan kjelder, sjølv til heilt elementære ting, er det ikkje leksikonverdig, som det heiter.

Det er heller ikkje til å stikke under ein stol at mange finn det vanskeleg å skrive på Setesdalswiki eller Wikipedia. Den teksteditoren som vert brukt, nyttar kodar og det er ikkje alltid intuitivt korleis det skal vere. Eg tror nok det er grunnen til at mange ikkje blir med i den dugnaden som ei slik leksikonskriving skulle vere. Til dømes er det spesielle kodar ein må ha for å legge bilete inn i ein tekst, og ofte blir terskelen så høg at ein gjev opp.

Eg skulle ønske at du som les dette, tok deg litt tid, registrerte deg på Setesdalswiki og prøvde å lage ein artikkel basert på ei rød lenke du ser ein stad. Klikk på den røde lenka, så kjem redigeringsvinduet opp og du kan skrive inn teksten. Vi som har vore med ei stund, kan så hjelpe deg vidare. No kan skribentane på Setesdalswiki teljast på ei hand, om vi kunne doble talet, ville produksjonen bli mykje rikare. Det ville vere til glede for alle brukarane av leksikonet.

I det siste har eg tenkt at vi skulle hatt fleire oversiktsartiklar, større artiklar som kunne setje ting i perspektiv, ikkje bare korte artiklar om folk og stader. Men slike artiklar tek det tid å skrive, så det blir ofte til at ein nyttar ei ledig stund til ein kort artikkel i staden.

Av og til er det nokon som seier at vi vel kan klare oss med artiklane som alt ligg på engelsk eller tysk wikipedia. Alle kan jo lese engelsk, og google translate kan hjelpe til med omsetjing frå mange språk etter kvart, så kvifor ha det på norsk i tillegg. Eg er ikkje enig i det, norsk er språket her i landet, så vi treng wikipedia på bokmål og nynorsk.

Men treng vi Setesdalswiki? Eg meiner det. Setesdalswiki har lågare terskel enn Wikipedia, vår lokale wiki kan brukast til å bli kjent med folk og anna i Setesdal som aldri vil kome på wikipedia, der artiklar skal ha nasjonal interesse. Kanskje skulle du nytte denne sundagen til å prøve deg som leksikonskribent.

Om strikking

Share

I ei tid då strikking verkar å ha blitt meir populært enn på lenge, hender det til og med at menn skriv bloggar om strikking. Eg får kaste meg på den bølgja i kveld og seie noko om temaet, eg og.

Så langt tilbake som eg kan hugse, har kvinnene i slekta mi strikka. Mormor og mor strikka, søstrene mine strikker, og om lag kvar veke er eg bud mellom Reidun og Setesdal Husflidsentral med strikkeprodukt. Ho strikkar Setesdalsgenser på håndstrikkemaskin, det har ho gjort mest sidan ho kom til Valle. Ho, Helga Bjørkeli og Eli Andersen dreiv firmaet Setesdalsstrikk i gamle banken nokre år, men lønsemda var ikkje stor nok, så dei fekk seg etter kvart anna å gjere, men strikkinga stoppa ikkje i huset vårt av den grunn. No er det ikkje så mange som strikkar på maskin for husfliden i Valle, men Reidun har halde ut, trass i at lønsemda slett ikkje er blitt betre.

Jo meir eg ser på det ho gjer, jo mindre skjønar eg, det er høgare matematikk og eg kan vanskeleg tenkje meg at ein som ikkje har orden på tal vil kunne strikke slike intrikate mønster som vi kan sjå i strikkebøker av ulik kaliber og kvalitet. Ein skulle kanskje tru at når ho strikkar på strikkemaskin for husfliden, så vart det med det, men når ho set seg framom tv for å slappe av, går det ikkje lenge før strikkepinnane kjem fram.

Sjølv strikka eg ein gryteklut då eg gjekk på skulen. Lenger kom eg ikkje med strikkepinnar, sjølv om eg seinare hadde ein periode der eg broderte ein del.

Ei side av strikkinga som ikkje så mange snakkar om, er hyllene med garn som ein ivrig strikkar etter kvart får seg. Det vil alltid bli att noko restegarn, og når vi kjører forbi ein garnbutikk, er det vanskeleg å ikkje stoppe. Så blir det eit nett med garn her og eit nett der, skap og skuffer fyllest med garn i mange fargar og kvalitetar. For plutseleg kan ein få lyst til å strikke noko, då er det viktig å ha garn.

Her er ein annan mann som har skrive om strikking: http://garmann.info/to-vrange-gjer-ikkje-ein-rett/