Hostekule

Share

Krimsjuk

Sist veke skreiv eg om krimsjuke. Den rennande nasen gjekk over i hostekuler. Eg er visst i godt selskap, i går kasta Ronny inn håndkleet etter vel ein halv time i studio. Hostekulene stod i kø.

Sjølv hadde eg forstand nok til å kaste inn håndkleet tysdagskvelden, å hoste seg gjennom ein radiokveld er ikkje hyggeleg, og noko av grunnen til at eg held på med radio, er at det er hyggeleg.

Men det har gitt seg, så om det ikkje tek seg opp att, vil eg prøve å starte opp tysdagsprogramma i radioen neste veke. Kanskje har også sprengkulda gitt seg til då.

Med hostekuler i kø har eg ikkje akkurat gledd meg over sprengkulda, men ropa «Lukk døra» til alle som har vore så uheldige å kome inn i klasseromet utan å ta med seg døra. I dag prata eg med ein om kor viktig det var å lukke døra. -Ja det er det, sa han, og så sprang han vidare med alle dørene opne etter seg. Det er ikkje alltid så lett å lære når ein er blitt vaksen heller.

Noskapin og Solvipekt, Fisherman’s Friend, Doc, ja til og med Paracet har blitt nytta i kampen mot hostekulene. Middagsluren har vore ein kjærkomen pause, for det meste roar seg når ein sovnar. Men ein kan jo ikkje sove heile tida, så er det opp etter ei stund og ta seg noko som kan stagge hosten og håpe på det beste.

Eg har hatt litt lett for å få lungebetennelse, men så langt har eg unngått stikka i lungene som fortel at ein slik er i kjømda. No vonar eg at mildare ver og to veker skal bety slutten på elendigheta.