Det er den draumen

Share

Overskrifta i kveld er henta frå eit dikt av Olav H. Hauge. Det er kanskje hans mest kjente dikt, det var det siste diktet i diktsamlinga Dropar i austavind frå 1966, altså 50 år gamalt i år.

Grunnen til at eg kom på det i dag, var at eg såg avslutninga på Tour de Ski på TV. Det var ingen tvil om at både Martin J. Sundby og Therese Johaug hadde ein draum om å vinne dagens etappe og dermed heile Touren. Dei andre deltakarane hadde også sine draumar i forhold til denne siste dagen. Å sjå Finn Hågen Krogh få oppfylt draumen sin etter mykje motgang tidlegare, kunne få tårene til å trille, akkurat som då Heidi Weng vann i går og fekk sin første verdscupsiger. Det var også rørande å sjå vinnaren stå og ta imot dei andre etter kvart som dei kom inn, glad over at dei hadde fullført slitet opp bakken.

Eg har hatt med meg Aron Åkre Rysstad i Valle Radio og høyrt om hans draumar, fredag parkerte han 179 konkurrentar og vann juniorane sitt opningsrenn i Norgescupen i Steinkjer. 2. januar vann han sin klasse i Heddalsprinten, det same gjorde Elin Uppstad, som eg og har hatt med i Valle Radio.

Før jul var det VM i håndball, barnebarnet mitt, Kristine, står i mål i håndball for eit jentelag i Nittedal. Draumen hennar var å få stå i mål på landslaget ein gong.

Både barn og vaksne har draumar. Olav H. Hauge var nesten 60 år då han gav ut boka med diktet. For mange vert det med draumen. Idrettsutøvarane eg har skrive om her, har gjort noko for å realisere draumen. Det har kosta dei utallige treningstimar å kome til topps, men draumen kan vere ei veldig sterk drivkraft, kanskje sterkare enn både kjefting, trugsmål og slag.

Av og til må vi realitetsorientere draumen. Det er nok ofte det som skjer med alderen. Ein innser at ein ikkje kan nå toppen. Men kan hende ein då endar opp med noko endå betre.

Elin Uppstad og Aron Åkre Rysstad. Foto: Øyvind Uppstad
Elin Uppstad og Aron Åkre Rysstad. Foto: Øyvind Uppstad

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *