I dag har eg fundert på eit dilemma. Skal me starte sendingar i Valle Radio når sendaren på Ljomsnuten ikkje fungerer?
Eg møtte radioen sin tekniske sjef, Jørund Georg Jore, i går. Han var ikkje sikker på om han kom seg til Ljom i løpet av helga, det er jo ikkje så mykje snø at det er lett å køyre scooter opp enno.
Men sendaren i Trydal er i orden, så dermed kan folk i Bykle høyre oss, og vi kan sende til Evje og dermed Bygland over Radio Evje sitt nett. Men vi når altså ikkje lyttarane i eigen kommune.
Eg las på Facebook i dag at Kjetil A. Homme hadde prøvd å kome seg til Ljomsnuten i dag, men veret var så dårleg at han måtte snu og ikkje kunne fikse det som er galt, så Valle Radio kom ikkje på lufta i dag.
Niklos K. Besteland ringde meg i dag. Han skal ha Postludium om vi kjem i gang på tysdag, men eg visste ikkje korleis det kom til å gå og måtte bare seie til han som situasjonen var og at Jørund hadde lova å gje informasjon når det var noko nytt.
Men skal vi lage program i neste veke og satse på at lyttarar i Valle og på Rysstad vil bruke internett om dei vil høyre Valle Radio?
