Ein god programidé

Share

Det vert inga tysdagssending denne veka i Valle Radio, truleg heller ikkje onsdagssending. Då vi hadde jolesending, var sendaren i Trydal i ulage, så eg er ikkje sikker på om folk kunne høyre den på FM. I kveld fekk eg melding om at det er problem på Ljom, så vi slit med det tekniske vinterstid.

Men i kveld fekk eg ein programidé då eg høyrde Salmer til alle tider. Kjetil Lillesæter hadde vore i Ålesund kyrkje på konsert med Nordic Voices, og etter konserten vart dei med i programmet med å ønske seg ei salme kvar.

Nordic Voices er ei vokalgruppe med seks medlemmer. Tenoren Per Kristian Amundrød ønska seg O, bli hos meg, den høyrde vi med ein kjent og kjær songar som vi ikkje høyrer så ofte lenger, Olav Werner.

Gruppa sin svenske medlem Ebba Rydh ønska seg En vänlig grönskas rika dräkt, ein song som vert sungen til skuleavslutning i Sverige og som alle svenskar difor lærer seg. The Real Group song den. Deretter kom Eg veit i himmerik ei borg , ønska av Frank Havrøy. Her hadde Kjetil Lilleæter funne ei innspeling med Bergen domkor dirigert av Magnar Mangersnes frå 1979.

Rolf Magne Asser ønska seg dåpssalma Fylt av glede, den song Sondre Bratland, nydelig akkompagnert på orgel av Iver Kleive. Tone Bråten ønska seg Bred dina vida vingar, den hadde ho sunge i barnekor frå ho var 8 år. Ho hadde også eit minne knytta til denne salma, ein dag ho var ute og gjekk saman med venninner, stoppa dei og song denne sangen utanfor vinduet der stefaren hennar sat. Han vart svært rørt av jentesangen. I programmet høyrde vi Sigvart Dagsland. Til slutt ønska Ingrid Hanken seg Hen over jord et pilgrimstog. Den hadde ho sunge i barnekor med mora som dirigent og faren som organist i Ålesund kirke og den tenkte ho ofte på når ho såg fakkeltog eller rosetog.

Programideen var god, eg tenkte at kanskje skulle eg prøve å lage nokre slike program i mine sangkveldar i Valle Radio på nyåret om eg kunne få nokon til å bli med og ønske seg salmer. Det kunne bli eit triveleg program.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *