Ein måndag i mai

Share
Kjetil Rike helsar på dronning Sonja under besøket i Setesdal i 1993. Varaordførar Bjørgulv T. Berg fylgjer med. Ingebjørg Aamlid i bakgrunnen. Foto: Åse Rike
Kjetil Rike helsar på dronning Sonja under besøket i Setesdal i 1993. Varaordførar Bjørgulv T. Berg fylgjer med. Ingebjørg Aamlid i bakgrunnen. Foto: Åse Rike

Gårsdagen fekk meg til å leite i gamle aviser etter stoff frå kongebesøket i Setesdal i mai 1993. Det skjedde måndag 10. mai, og lengst sør i dalen var det så vidt dei fekk sjå han. I Iveland var det ein stopp på 20 minutt før ferda gjekk vidare.

10 minutt etter det oppsette programmet kom kortesjen så til Mineralparken, der det var samla mellom 1500 og 2000 for å ta imot kongeparet. Pressa likte ikkje at ordførar Carl M. Thorsen talte utan manuskrit «til stor fortvilielse for både enkelte pressefolk og fylkesmannen, som førut hadde bedt om å få alle talane til godkjenning», som det heitte i avisa. Men redaktør Haugsgjerd fekk med seg det meste av talen, som var av historisk karakter. Deretter fekk Kongen ein rosemåla bolle, måla av Oskar Kjetså, kommunen sin fremste rosemålar, som då gjekk i sitt 81. år. Dronninga fekk eit vevd teppe av 97 år gamle Elisabeth Ljosland før ferda gjekk vidare til Revsnes, der Bygland kommune heldt lunsj for gjestene klokka 13.

Etter ein times lunsj gjekk turen til Knutsbakk i Bygland der det var markering ved minnestøtta klokka 14.20. Ordførar Thorbjørn Borgi helsa velkomen, Osmund Faremo hadde minneord, Kong Harald la ned krans og Bygland Hornmusikk spelte. Det var ein stopp på 20 minutt. På ferda nordover i dalen var kongen oppteken av å få sett Reiårsfossen, men programmet var svært tettpakka, så det vart ingen stopp.

På Rysstad venta eit brurefylgje med over 60 dansarar og ei stor folkemengd med ordførar Tarald Myrum og varaordførar Bjørgulv T. Berg i spissen på dei prominente gjestene. Her var det dronning Sonja som spelte hovudrolla, det var ho som opna Setesdalsmuseet. Aldri har vel Setesdal opplevd fleire fotografiapparat i sving på ein gong, skreiv Setesdølen. (Eg lurer på kor dei bileta har teke vegen. Ei etterlysning i Gamle bilete frå Valle og Bykle på Facebok, gav eitt bilete, det har eg brukt til denne bloggposten. Takk til Åse Rike)

Etter ein pause samlast 180 innbedne gjester til middag på Soknehuset: Suppe, røykt lammekjøt med løksaus. Moltekrem til dessert. Kaffi og kaker i første etasje etterpå, Klokka var visst halv tolv før det var slutt. Men neste morgon var det full fart att, alt klokka 10.05 var det omvisning på Sylvartun. Deretter bar det til Valle, der pensjonistar var benka i sentrum og fekk helse på kongen. Men alt klokka 11.10 var det stans på Rygnestad, før stopp i Bykle klokka 12.10. Der var det velkomsthelsing ved ordførar Kay Jeiskelid, besøk på helsesenteret, i kyrkja, lunsj på Bykle gjestegard og besøk på Bykle Vindu før det var finale i Hovden Badeland.

-Eg har inderleg lyst til å kome tilbake, sa dronning Sonja under lunsjen i Bykle, der dei var 86 til bords, dei fekk nepespa. Bykle Gjestegard serverte om lag 80 pressefolk, sikkerhetsvakter og andre i fylgjet i tillegg. Det klarte dei med glans, skreiv Setesdølen.

Og glans var det over desse to dagane i mai 1993. Strålande sol, nyutsprungen bjørk, flagg, stivpynta folk. På side 4 i avisa onsdag 19. mai heitte det: 17. mai-fest i skuggen av kongebesøket. Og slik var nok kjensla for dei fleste, det var kongebesøket som var den store festen det året.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *