Endeleg i studio att

Share

 

Torsdag er det språk-kafé i Frivilligsentralen. Foto: Britta Lise Homme
Torsdag er det språk-kafé i Frivilligsentralen. Foto: Britta Lise Homme

Etter at vi hadde problem med antenna og eg fekk problem med krimsjuke og hostekuler, var det godt å kunne planlegge og gjennomføre den første tysdagskvelden i Valle Radio 2016.

Sjølv om eg i helga tenkte ein del på kva eg skulle ha i programmet, gløymde eg å sende det til avisa innan klokka 10 måndag. Det var ikkje før eg var ferdig med undervisninga klokka 14 at eg plutseleg kom på at annonsen måtte lagast. Men Gerd i avisa var snill og fekk plass på sistesida, her er annonsen:

Tysdag 25. januar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar. Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
 
Onsdag 26. januar
 
18.00 Kommunestyremøte
Så tenkte eg litt meir på programmet måndag kveld. Ettersom det er kommunestyremøte onsdag, og dermed ikkje vanleg sending denne dagen, tenkte eg at eg ville ha ein aktuell time. Eg ville ha med meg banksjef Vidar Homme i den aktuelle timen, han hadde tidlegare lova å kome tilbake med meir informasjon om jubileet i Valle Sparebank. Med utgangspunkt i gårsdagens blogg ville eg og gjerne høyre kva ordførar Steinar Kyrvestad hadde å seie i høve den høge gjelda pr. innbyggjar som Valle kommune har.
Då eg i dag ringde Vidar Homme, var det ja med det same, han måtte bare få sleppe til før han skulle på fotballtrening, han er trenar for eit lag som hadde trening klokka 19. Dermed kom han først i kveldens aktuelle time. Men Steinar Kyrvestad hadde styremøte i Valle Ap i kveld, så han kunne ikkje.
I dag kom avisa, og då var det å sjå om noko der kunne vere aktuelt for radioen. Oppslaget om Setesdalskonferansen var interessant, så eg tok ein telefon til Styrk Fjærtoft Trondsen for å få han med i radioen, men han var oppteken frå klokka 17, så då måtte eg gjere avtale med Signe. Ho tok ein pause i kveldens øving i Bygland Hornmusikk for å ta telefonen og snakke i radioen. I avisa var det og ny informasjon om renseanlegget på Rysstad, det har eg snakka med Torleif Homme om før, så no fekk eg han til å kome med ei oppdatering. Etter å ha planlagt språk-kafé med Marja-Leena Steinbru komande torsdag klokka 11.30 var det naturleg å fortelje om det i radioen og invitere folk til den. I tillegg var det plass til besøk i studio av Liv Tanche-Larsen og Sondre Rua Dokken frå Hylestadrevyen, og dermed var timen fullbooka og vel så det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *