Enker og faderløse

Share
Selma med barna Inga, Ruth, Ola, Gurina og Rakel
Selma med barna Inga, Ruth, Ola, Gurina og Rakel

Det norske velferdssamfunnet har i stor grad blitt utvikla etter andre verdskrigen. Før krigen var Norge eit fattig land. Ungdom som lever i dag, kan nok knapt forstå kor vanskeleg det var utan det sikkerhetsnettet som vi no ser på som sjølvsagt.

Desse tankane kom til meg då eg var i gravferda til onkel Ola Hetland på Varhaug onsdag. Han var mors yngste bror, fødd 3. september 1926.  Han var bare halvtanna år då faren Hans Hetland døydde 21. april 1928.

Liturgien frå 1920 hadde ei formulering i kyrkjebøna som sikkert vart svært aktuell for dei som levde att den gongen: Vær, o Gud, efter dit løfte enkers forsvar og faderløses fader.

Dei var fem søsken, Inga, fødd i 1911, var frå hans første ekteskap, så ho var 17 år og vaksen, men mor, fødd i 1917, var altså knapt 11 år og eldst av dei fire barna Hans fekk med Selma. Då han døydde, hadde dei ein liten gard. Men Hans hadde kausjonert for eit lån til ein person som ikkje klarte å betale, så dei måtte gå frå garden og leige seg husvære fram til 1937, då dei greidde å setje seg opp eit hus. Korleis dei greidde det, er for meg ei gåte. Mormor dreiv heimebakeri, lefser og potetkaker vart produserte på bestilling frå folk og butikkar. Sjølv hadde eg jobb med å få lefesepakkane på bussen til Oltedal ein gong i veka i ein periode då eg vaks opp, så eg har sett litt av innsatsen som ho la ned for å skaffe seg ei inntekt.

Mormor gifta seg ikkje att, ho levde som enke i nesten 50 år før ho døydde i 1975.

Av ein eller annan grunn er det bare faderløse som er tekne med i kyrkjebøna. Morlause er ikkje nemnde, men må inkluderast usagt. Far var morlaus, mor hans døydde i barsel, og sjølv om han hadde gode pleieforeldre som tok seg godt av han, trur eg han ofte sakna si rette mor.  Også Reidun sin far, fødd 1919, mista sin far som baby i 1920, men dei klarte å halde på garden dei hadde takka vere stor innsats frå mange gode hjelparar.

I dag har vi ordningar som gjer at familien får hjelp om mor eller far døyr. Velferdsordningane har blitt sterkt bygde ut i det norske samfunnet. Når eg underviser i dette for flyktningar, ser dei aller fleste kontrasten til heimlandet svært tydeleg.

Dei gamle formuleringane er ikkje lenger med i kyrkjebøna, men dei er gått inn i språket som eit temmeleg fast uttrykk. Eit søk på uttrykket enker og faderløse på google gjev over 10.000 treff. Og sjølv om velferdsordningane sikrar mykje, er det ei tragedie  for alle som må vekse opp farlause eller morlause når ein forelder døyr. Ofte er det ein slik situasjon som er grunnlaget for programma til Tore på sporet, så problemstillingane er framleis aktuelle, om enn på ein litt annan måte i våre dagar.

Og er problemstillingane aktuelle i vårt land, som har velferdsordningar som få andre land, er dei minst like aktuelle i land utan slike godt ordningar. I mange land er talet på enker og farlause blitt sterkt auka som følge av krig og naud. Så framleis kan det vere god bruk for formuleringane i den gamle bøna: Vær, o Gud, efter dit løfte enkers forsvar og faderløses fader.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *