Gratulerer, Wikipedia

Share
Henta frå Wikimedia Commons
Henta frå Wikimedia Commons

I dag markerte Wikipedia at nettleksikonet har nådd konfirmasjonsalderen. 15 år er gått sidan det vart starta på engelsk språk. Ikkje så lenge etter kom det norske i gang, men det tok litt tid før det tok til å vekse.

Sjølv hadde eg mi første redigering på Wikipedia i 2006. Eit av mine første famlande steg i denne sjangeren var om den ungarske komponisten Ligeti, som døydde 12. juni 2006, og same dagen skreiv eg ein liten stubb om han. Denne vart fiksa på av fleire andre same dagen og i dagane etterpå, og sidan har det blitt ein viktig hobby for meg å delta i dugnaden med å lage eit nettleksikon på norsk.

Etter kvart vart det eg skreiv lagt merke til i nettsamfunnet som skriv leksikonet og eg vart spurt om å vere administrator, dermed fekk eg litt fleire knappar og kunne stoppe vandalisme. Men framleis er det å skrive artiklar det som eg likar best.

Wikipedia fekk etter kvart ein lokal avleggar i Setesdalswiki, i dag var vårt lokale leksikon til og med omtalt i eit lesarinnlegg av Tarald Myrum om Prestfossen hengebru i Setesdølen. Over tid har Setesdalswiki utvikla seg litt annleis enn førebiletet. Det er sjeldan slettediskusjonar i Setesdalswiki, eg brukar å seie at om ein har reist gjennom Setesdal, kan ein få artikkel. Wikipedia har ein annan politikk, der må ein vere nasjonalt kjent for å få artikkel.

Det at vi har fått Setesdalswiki, har nok gjort at eg ikkje er så aktiv på Wikipedia, nettleksikonet er delt i to, eit på nynorsk og eit på bokmål. Eg har vore mest aktiv på bokmål og bare av og til skrive på nynorsk wikipedia, medan dei fleste artiklane eg skriv på Setesdalswiki, er på nynorsk. Eg likar systemet vi har som generer bursdagsoversikt på Setesdalswiki, noko slikt har dei ikkje på Wikipedia.

Ut frå Wikipedia har det blitt etablert eit biletarkiv som eg kan bruke på Setesdalswiki og her på bloggen. Det er ein rikdom, dei har over 30 millionar mediefiler. Engelsk Wikipedia har over fem millionar artiklar, norsk bokmål har vel 430.000 artiklar Lenge konkurrerte vi med svensk wikipedia, men så fekk dei ein robot til å generere artiklar om svenske innsjøar og nokre andre tema, så no har dei 2,5 millionar artiklar. Men vi slår danskane, dei har vel 213.000 artiklar. Med alle datoartiklane på Setesdalswiki er vi oppe i vel 85.000 artiklar, av dei er om lag 77.000 robotskapte.

Men Wikipedia har endra måten folk finn informasjon på. Eg høyrde eit program på Nitimen i dag der Gisle Hannemyr sa at papirleksikon ikkje lenger hadde nokon marknad. Eit nettleksikon som Wikipedia, som alle kan redigere og som mange difor trur er fullt av feil, er blitt staden der folk finn informasjon i dag. Og det er forbausande lite feil, men folk må sjølvsagt vere kildekritiske.

Det same gjeld jo også Setesdalswiki, kjelda for artikkelen om Prestfossen hengebru var ein artikkel i Setesdølen, om den er feil, vil feilen forplante seg inntil det kjem ny informasjon som kan takast med i artikkelen. Kjelder og kjeldekritikk er viktig for eit nettleksikon i våre dagar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *