Høg himmel over Jæren

Share

I dag var eg på Jæren i gravferd. Turen frå skytungt og snøkvitt Mandal og vestover vart ei ferd mot klarver og snøfritt alt frå Kvinesheia og vestover, så for meg, som kan styre mi begeistring for snø, vart det ein fin tur.

Mest kvar gong vi dreg vestover, undrar eg meg over det fine lyset i fjella nord for Heskestad på vegen mot Helleland. Slik var det også i dag, blå himmel og vakkert lys i skoglause heier. Ettersom vi hadde god tid, stoppa vi på Vikeså og fekk vaske bilen, vegen var turr, så då kunne han halde seg rein i alle fall til vi skulle tilbake til saltet aust for Lyngdal.

Det var morbror Ola Hetland si gravferd som var årsaka til turen vestover i dag. Han vart 89 år gamal og var den siste av mor sine søsken som levde. No fekk vi fylgje han til grava på Varhaug kyrkjegard.

I ei gravferd vert det ofte at ein får vite ting om familien som ein ikkje visste, og så gårpraten. Vi hadde minnestund etter gravferda med god mat og god prat og ute kvelva ein høg himmel seg over det flate, vindfulle og i dag nokså kalde landskapet. Onkel Ola hadde gard like i sjøkanten og likte seg godt når han fekk drive med dyrking, så heile garden hans vart dyrka opp, og han tok også på seg arbeid for andre bønder.  Og så let han ungane få sleppe til. Sjølv måtte han tidlig ta tunge tak i heimen, han mista far sin då han var halvtanna år.

Då vi kom over Høg-Jæren, møtte vi dei store vindmøllene, dei stod der og gjorde vinden om til elektrisk kraft. Slik utnyttar jærbuen ressursar. Og over dei mange møllene og dei store driftsbygningane kvelva det seg ein høg himmel, akkurat som over oss alle som var samla for å fylgje Ola til den siste kvilestaden og som samla oss i sangen vi ofte song når skuledagen var slutt:

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
ingi klokke bera
honom kvilebod.

So mitt hjarta stundar,
bankande i barm
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm

Høg himmel over Varhaug kyrkje. Foto: Jarle Vines, Wikipedia
Høg himmel over Varhaug kyrkje. Foto: Jarle Vines, Wikipedia

 

 

2 tankar om “Høg himmel over Jæren”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *