Jubileum

Share
Foto: Else Gyro Rysstad
Foto: Else Gyro Rysstad

I dag vart det markert at det er 25 år sidan Kong Harald V tok over etter Kong Olav V. Det var ei fin gudsteneste i Slottskapellet med vakker musikk og sang, sidan var det skileik framom Slottet, der deltok til og med jubilantane i det fine, men kalde veret.

No i kveld fekk eg med meg litt av jubileumsprogrammet i Aulaen i Oslo, der var Setesdal representert av Kirsten Bråten Berg sitt verk Tre stemmer frå Norge, ho sjølv, ein samisk stemme og ein afrikansk stemme.

Markeringa sendte tankane mine tilbake til våren 1993, då vi hadde kongebesøk i samband med opninga av Setesdalsmuseet på Bjugsbakk. Det var dronninga som stod for den opninga, men turen vart ei festreis med besøk i alle dei fire Setesdalskommunane. Det var makelaust fint ver, grøn bjørk sjølv om det bare var 10. mai. Sjøv fekk eg gleda av å vere med på middagen på soknehuset den måndagskvelden, det var ei stor oppleving og er vel det næraste eg kjem til å kome namnebroren min.

Men far og mor var i audiens på Slottet. Dei reiste inn der for å takke for Kongens fortenstmedalje som far fekk 4. oktober 1998. Dei hadde ein hyggeleg prat, sundagsskulelæraren og monarken.

Eg ser på Setesdalswiki at ein del setesdølar har fått Kongens fortenstmedalje av Kong Harald, i tillegg til dei som har fått St. Olavs Orden:

Frå Valle:

  1. 20. oktober 2013: Ingebjørg Vegestog Homme
  2. 1. juli 1997: Husmor Ingebjørg Å. Kjelleberg
  3. 1995: Kvedar Torbjørg Aamlid Paus (gull)
  4. 1995: Kjøpmann Sverre Lund

Frå Bygland:

  1. 19. oktober 2013 Annemor Sundbø
  2. 28. februar 2009 Birgit Skjevrak Skeie
  3. 27. november 2008 Bonde Knut P. Sandnes
  4. 01. juli 2000 Emissær Olaf Skjeggedal
    1. 1993 Stortingsmann og ordførar Osmund Faremo

Frå Evje og Hornnes:

  1. 17. mai 2011 Rektor Alf Georg Kjetså
  2. 17. mai 2011 Entreprenør Kåre Tjessem
  3. 21. august 2010 Lærar og dugnadsmann Odd Harald Robstad
  4. 21. august 2010 Bonde, hagebrukar og dugnadsmann Sigbjørn Kjetså
  5. 15. april 2008 Ada Sofie Austegard (gull)
  6. 25. mars 2008 Adjunkt Sigmund Monen (gull)
  7. 17. juli 2007 Bedriftsleiar Roald Skibsrud
  8. 30. november 2006 Kaptein Knut Aadal
  9. 1. november 2005 Lærar Ruth Oksefjell
  10. 28. mai 2005 Lektor Olav Arne Kleveland
  11. 13. desember 2004 Lærar Sigrun Smeland
  12. 8. mai 2003 Hagebrukar Arnar Kjetså
  13. 1. juli 2002 Lærar Valborg Hauan

Frå Iveland:

  1. 2015 Ordførar, bonde og kulturarbeidar Karstein Lie
  2. 9. oktober 2013 Likningssjef Salve Øina
  3. 8. mai 2003 Formann Jens Skisland
  4. 1. juli 2002 Skogsarbeider Gjermund Frøysaa
  5. 1. juli 2002 Hjelpepleier Jorunn Frøysaa

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *