Målreising

Share

For det meste skriv eg bloggen på nynorsk. Like før jul skreiv eg litt på bokmål, det hender at inngangen til emnet gjer at eg held fram på bokmål. Men ettersom eg held til i nynorskland, har det vore mest naturleg å skrive bloggen på nynorsk. No heiter den Blog for Harald, den forma kunne like godt vore engelsk, men opprinneleg var det jo Valle Radios blogg.

Sjølv om eg ikkje har vore med i målrørsla på annan måte enn at eg ein periode var med i skriftstyret for Jol i Setesdal, var det med stor glede eg las ein artikkel som i dag kom på Setesdalswiki. Målreisinga i Evje og Hornnes gav eit fint perspektiv på ein tradisjon som har lange røter i den største kommunen i Setesdal. Som organisasjon er Evje og Hornnes språknøytral, det vil i praksis seie at det meste frå kommunen kjem på bokmål. Artikkelen meiner at det er ein arv frå Forsvaret.

Men det kjem fram at Hornnes landsgymnas i alle år var ein bastion for nynorsk. Likevel er også den vidaregåande skulen blitt sterkt prega av bokmål i nyare tid. Presset frå byområda ved kysten er vanskeleg å stå imot.

Men kunnskap om målreisinga er viktig, og artikkelen på Setesdalswiki, som er basert på ei fordjupingsoppgåve av Rita Flottorp, legg grunnlag for fleire artiklar om folk som har vore aktive nynorskbrukarar. Ein av dei som nok rimeleg fort vil få artikkel, er Anton Røstad. Han skreiv doktoravhandlinga si på nynorsk, og då han vart beden om å omsetje henne til bokmål, omsette han den heller til tysk.

Rita Flottorp si fordjupingsoppgåve er grunnlag for artikkelen om Målreisinga i Evje og Hornnes på Setesdalswiki. Den skreiv ho i kalligrafi.
Rita Flottorp si fordjupingsoppgåve er grunnlag for artikkelen om Målreisinga i Evje og Hornnes på Setesdalswiki. Den skreiv ho i kalligrafi.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *