Om strikking

Share

I ei tid då strikking verkar å ha blitt meir populært enn på lenge, hender det til og med at menn skriv bloggar om strikking. Eg får kaste meg på den bølgja i kveld og seie noko om temaet, eg og.

Så langt tilbake som eg kan hugse, har kvinnene i slekta mi strikka. Mormor og mor strikka, søstrene mine strikker, og om lag kvar veke er eg bud mellom Reidun og Setesdal Husflidsentral med strikkeprodukt. Ho strikkar Setesdalsgenser på håndstrikkemaskin, det har ho gjort mest sidan ho kom til Valle. Ho, Helga Bjørkeli og Eli Andersen dreiv firmaet Setesdalsstrikk i gamle banken nokre år, men lønsemda var ikkje stor nok, så dei fekk seg etter kvart anna å gjere, men strikkinga stoppa ikkje i huset vårt av den grunn. No er det ikkje så mange som strikkar på maskin for husfliden i Valle, men Reidun har halde ut, trass i at lønsemda slett ikkje er blitt betre.

Jo meir eg ser på det ho gjer, jo mindre skjønar eg, det er høgare matematikk og eg kan vanskeleg tenkje meg at ein som ikkje har orden på tal vil kunne strikke slike intrikate mønster som vi kan sjå i strikkebøker av ulik kaliber og kvalitet. Ein skulle kanskje tru at når ho strikkar på strikkemaskin for husfliden, så vart det med det, men når ho set seg framom tv for å slappe av, går det ikkje lenge før strikkepinnane kjem fram.

Sjølv strikka eg ein gryteklut då eg gjekk på skulen. Lenger kom eg ikkje med strikkepinnar, sjølv om eg seinare hadde ein periode der eg broderte ein del.

Ei side av strikkinga som ikkje så mange snakkar om, er hyllene med garn som ein ivrig strikkar etter kvart får seg. Det vil alltid bli att noko restegarn, og når vi kjører forbi ein garnbutikk, er det vanskeleg å ikkje stoppe. Så blir det eit nett med garn her og eit nett der, skap og skuffer fyllest med garn i mange fargar og kvalitetar. For plutseleg kan ein få lyst til å strikke noko, då er det viktig å ha garn.

Her er ein annan mann som har skrive om strikking: http://garmann.info/to-vrange-gjer-ikkje-ein-rett/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *