På kurs

Share
Setesdalskonferansen 2009 var på Hovden Høyfjellshotell. Foto: Knut på Bø
Setesdalskonferansen 2009 var på Hovden Høyfjellshotell. Foto: Knut på Bø

Eg har hatt ein periode der eg har konsentrert meg om jobben og vore lite på kurs. Bakgrunnen var kanskje at eg tidlegare var tillitsvald og var mykje på kurs, så mykje at det ikkje lenger var triveleg.

Men ein kan vel ikkje nekte for at kurs kan vere nyttig. Ein ting er foredraga og det offisielle programmet. Men dei mange samtalane og møta med andre deltakarar kan også ha stor verdi. Av og til kan det vere ei lita setning som set tankar i sving. Slik var det jo med Setesdalskonferansen i 2009, den førte til arbeidet med Setesdalswiki, som no alle som vil ha informasjon om Setesdal kan nytte seg av.

Etter det har Setesdalskonferansen vore ein viktig konferanse for meg, der opplever eg at eg får påfyll i høve til engasjementet eg har hatt for regionen her i mange år. No nærmar det seg årets konferanse, den skal vere midt i april som vanleg, 14. og 15. april er datoane du må få på plass i kalenderen. I dag var det møte i programkomiteen, og noko er etter kvart på plass, mellom anna at arrangementet blir på Hovden i år og at Styrk Fjærtoft Trondsen blir konferansevert i år som i fjor og fleire år før det.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *