Puslespill i mørke

Share
Puslespill i godt lys. Foto: Wikimedia Commons
Puslespill i godt lys. Foto: Wikimedia Commons

Å legge puslespill er ein kjær aktivitet i familien, særleg i jula. Då vert eit stort bord rydda og så hentar ein fram eit puslespill, anten eit ein fekk i julegåve dette året, eller eit frå tidlegare tider.

Det er rimeleg lett å legge puslespill når ein veit motivet. Då kan ein ta fram lokket og sjekke ut fargar og former, sortere brikker og få orden i kaos. Eg er ikkje spesielt glad i puslespel, men den type pusling kan sjølv eg få til om eg tek tolmod til hjelp.

Verre er det når motivet er ukjent. Nokre puslespill er laga slik at lokket har eit bilete av folk som ser mot motivet, men motivet er ikkje kjent, bare reaksjonen på motivet. Då må ein ta i bruk endå fleire kreative evner for å løyse oppgåva.

Å legge puslespill i mørke må vere verst. Då er det bare forma på brikkene som avgjer korleis det vert. I dag høyrde eg ein kommentar i radioen der dei snakka om nobelprisvinnaren i litteratur i 2015. Han var fransk og skreiv mykje om korleis det digitale minnet har gjort at vi ikkje lenger hugsar slik folk hugsa før. Då kan det verte som å leggje puslespel i mørke.

Det blir ofte sagt at ein må endre seg i takt med utviklinga. No er det tid for å endre Setesdal Regionråd, vert det hevda frå Evje og Hornnes. Dei vil etablere eit selskap som skal reindyrke satsinga på næringsutvikling i Setesdal og meiner at eit slikt selskap burde disponere 75% av pengane regionrådet i dag har til disposisjon. Dei andre kommunane er usamde, og då vurdere Evje og Hornnes å trekkje seg frå heile samarbeidet. Medan dei prøver å finne ei løysing, slepp Evje og Hornnes å betale inn heile bidraget til fellesskapet, dei kan betale ein million inn på bok og bare tre hundre tusen til regionrådet medan dei andre kommnane betalar fullt bidrag.

Når så Evje og Hornnes står fast på sitt krav før dei skal forhandle med dei andre tre kommunane, seier Valle-ordføraren at eit slikt møte vil han ikkje vere med på, det er jo ikkje noko å forhandle om.

At styreleiar i regionrådet godt kunne tenke seg å ikkje vere leiar under slike villkår, det kan ein forstå. Å finne ei løysing på denne floken, vert som å legge puslespill i mørke. Kanskje det er grunn til å sjå litt på historia, om ikkje minnet er heilt borte. At Setesdal Regionråd har fungert så godt, skuldast ikkje minst at Bykle var  svært raus i oppstartsperioden. Då skaut dei inn mykje meir enn dei andre kommunane, noko som eg trur særleg kommunane i sør hadde god nytte av.

Eit slikt glimt av lys inn i mørket når puslespill skal leggjast, kan kanskje gje deltakarane i spelet erkjenning. Når dei tre i nord ikkje har sans for å leggje næringsarbeid i eit eige selskap, men heller vil behalde det direkte under regionrådet, må nok andre brikker fram for å byggje ferdig biletet.

Sjølv har eg lurt på om ikkje ei slik brikke kunne vere kulturarbeid. At regionrådet starta som næringsråd og har ytt gode bidrag til næringsutvikling, særleg når det gjeld infrastruktur, gleder eg meg over kvar gong eg køyrer opp og ned dalen og tenkjer på korleis vegen var for 25 år sidan. Det er noko som folk nord i dalen opplever kvar dag, men folk sør i dalen opplever det bare når dei reiser nordover.

Kva om vi utvida perspektivet og tok til å sjå kva som kan gjerast for å styrkje kulturlivet? At Setesdal som «kulturdal» blir like kjent som Setesdal som «kraftproduksjonsdal». Kanskje det er det som må til for at næringsarbeid skal skyte fart, og då må heilskapen vere rettesnora for at puslespelet som heiter å byggje og skape ny giv i Setesdal skal lukkast.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *