Radioen starta att

Share
Foto: Britta Lise Homme
Foto: Britta Lise Homme

I kveld var første sendinga i Valle Radio i 2016. Eg kasta inn handkleet denne veka og, hoste og snue er ikke bra i radio heller, så tysdagssendinga vart avlyst. Ronny var ansvarleg i kveld, han sleit også med hoste, så han avslutta Ronnys time etter vel ein halvtime, og gav mikrofonane til Sondre og Sigrid, som ikkje hadde slike problem, etter det eg kunne høyre.

Onsdag 20. januar:

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Torhild Sandnes

19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Torleif Homme
20.00 Ronnys time. Om nye byggeføresegner
20.45 Konsertopplevingar. Sigrid Kjetilsdotter Jore og Sondre Rua Dokken i studio

Ettersom siste program i kveld ikkje var vanleg opi sending med rebusar og telefonar, tvilar eg på om dei oppsette telefonvaktene, Jorunn Helle og Solveig Rysstad var med i kveld.

Sjølv fekk eg ikkje høyre kva som skjedde før litt uti Ronnys time. Dermed kan eg ikkje fortelje kva Torleif Homme hadde på blokka si i kveld. Når han er i studio, er det alltid noko interessant å få vite, men i dag sovna eg frå heile starten av programmet og hadde ein pause i hostinga mi. Vonleg gjev det seg snart, slik at vi kan kome i gang att med tysdagssendingane i neste veke.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *