Såmannssøndagen

Share

I dag var det såmannssøndagen i kyrkja, og dette var litt frå ein av tekstane:

14 Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av.15 Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus. 16 Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, 17 så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.

2 Tim 3,14-17

Håvard Viki hadde spurt meg om å tale på menighetshuset i Valle klokka 19, og trass i forkjøling, det er vanskeleg å seie nei når Håvard spør, for han er eit ja-menneske, og då vil ein gjerne hjelpe når ein kan. Så eg starta heimefrå i tre-tida og fekk ein tur med lange køar mot meg av trafikk frå Hovden, men vel halv sju var eg i Valle og vart ønska velkomen av Håvard.

VI var ti personar på møtet i lillesalen i Menighetshuset. Kjetil Rike hadde med trekkspelet, og etter åpning av Håvard og eit par songar, hadde Ånund Lund nokre tankar han delte med oss før eg fekk ordet. Denne kvelden hadde eg førebudd meg på nettbrettet, det var første gong eg hadde det i bruk under ein tale, men det var lagleg. Teksten kunne eg finne hos bibel.no, den kunne eg forstørre så den passa godt å lese.

Når eg talar, tek eg gjerne med noko som eg har opplevd dei siste dagane, og denne gongen hadde eg funne litt informasjon om ein salmediktar som heitte Olai Aalen. Han var lærar, kyrkjesongar og forfattar, far til professorane Sverre Aalen og Leiv Aalen som var på Menighetsfakultetet. I Sangboken er det tre songar av han:

450 Jesus styr min vesle båt

750 På åkeren ut

774 Å var det så vel

Dei nyttar vi ikkje så mykje no lenger, men dei er ikkje heilt gått i gløymeboka, sjølv om dei er nærare hundre år gamle. Olai Aalen levde frå 1874 til 1949. Særleg nr. 750 høvde godt i dag, som var såmannssøndagen. No i kveld fann eg ut at Birgit Rike Lund har den  med som spor 18 på plata ho har gitt ut, Med Rosur Raude. Om eg finn plata i radioen til tysdag, vil eg spele den sangen.

Guds ord er spirekraftig. I dag lærer ikkje dei unge så mykje som vi gjorde, det er ei anna tid, men dei som les i Bibelen og grunnar på ordet, vil sjå at bodskapen om Jesus kan ein finne også i Det gamle testamentet, slik Paulus seier i brevet til Timoteus. Han har lært dei heilage skriftene frå han var ung, og det har vore nyttig for han. Det er nyttig også i dag. Når ordet er sådd, vil det vekse og bere frukt.

Asbjørn Kvalbein, Noreapastoren, har i dagens oppmuntring noko om dette. Stykket heiter Leve med ham.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *