Skal – skal ikkje

Share

Eg skreiv tidlegare om dilemmaet eg opplevde i høve til sendingar denne veka. Det var naturleg å drøfte det med Ørnulf, som er leiar i Valle Radio, men då eg ville ta kontakt med han, oppdaga eg at han var på flyet til Kanariøyane, så då vart det Britta Lise eg måtte snakke med. Styret i Valle Radio er jo dei to pluss Jørund, Helge Homme og Kåre Rike.

Spørsmålet mitt handla litt om korleis ein skal definere Valle Radio. Utviklinga er komen så langt at vi godt kan definere radioen som ein nettradio som sender på FM-bandet. Då vil det jo stort sett kunne vere sending når nettet er oppe, og for det meste er det jo ikkje problem med Internett, sjølv om vi har hatt krøll der også.

Men til no har Valle Radio vore definert som ein lokalradio som sendar på FM til Valle, men som og dekker Bykle gjennom samarbeid med Bykle Radio, vi brukar jo deira sendarnett for å kome til Valle. I dei seinare åra har vi og hatt samarbeid med Radio Evje slik at vi kan sende over deira FM-nett når dei sjølve ikkje har sending.

No var situasjonen slik at vi kunne sende til Bykle og til Evje/Hornnes/Bygland, men ikkje til eiga bygd. Skal vi då tenkje at nokre får inn sendaren i Bykle, og kan difor høyre programmet vårt, resen får ta det på nettet, eller skal vi tenkje at vi i alle høve må kunne sende i alle fall til ein del av Valle før vi lagar program. Om det er problem med sendaren på Løefjødd, så får det våge seg, bare sendaren på Ljom fungerer.

Tidlegare har vi hatt problem og dermed pause då sendaren i Åmlid var ute av drift. Men vi har ikkje teke pause når det er problem på Løefjødd.

Etter at Britta Lise hadde snakka med Jørund, kom vi til at vi framleis skal definere oss som ein FM-radio som sender til Valle og som streamar på Internett når vi har sending, men at det er Valle som er vår primære målgruppe. Eg skulle ha ansvar både tysdag og onsdag, men får rolege kveldar heime i staden.

Det vert altså ikkje sending i denne veka. FM-sendaren på Ljomsfjødd er truleg nedisa og fungerer ikkje.

Sendaren på Ljomsnuten er nedisa. Bilete frå 2015.
Sendaren på Ljomsnuten er nedisa. Bilete frå 2015.

Då Ørnulf landa på Kanariøyane og las den konklusjonen, var han samd i den.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *