Stormen Tor

Share

I kveld blir det stormenTor som blir tema for bloggen. Den blir ganske kort, for eg bur nokså lunt og merkar ikkje så mykje til han, anna enn på TV. Men eg tenkjer på alle vestlendingar som sit utan straum i kveld og føler med dei.

Eit problem når straumen går, er at vi har etter kvart fått så mange apparat som stoppar. Nokre av desse har vi gjort oss avhengige av, så når det blir straumstans, blir vi nokså hjelpelause. Difor håpar eg at dei som er ute for å reparere linjer og få straumen tilbake i mørke natta, klarar dette utan uhell, til beste for særleg dei som elles får ei vanskeleg natt.

Morgondagen vil vise kva skader som vart gjort, men det er all grunn til å takke dei som melder storm og uver for gode målingar. Dei gav god hjelp for å redusere skadene.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *