Strålande orgelkonsert

Share
Kåre Nordstoga Foto:Wikipedia
Kåre Nordstoga
Foto:Wikipedia

I kveld var det orgelkonsert i Valle kyrkje. Måndagskveld, kan det kome folk då? kunne ein spørje.

Det kunne det. Dei første kom alt ein halv time før konserten starta. Ute var det bitande kaldt, seks kuldegrader, men vinden beit godt. Så kom vi inn i ei varm kyrkje, vart helsa velkomne av organist Henrik West og fekk program, sette oss ned og kunne lese:

Felix Mendelssohn: Preludium i c-moll
Antonio Vivaldi: Largo fra en blokkfløytekonsert
Johannes Brahms: Mein Jesu, der du mich (fra op. 122)
Dietrich Buxtehude: Praeludium i g-moll (BuxWV 149)
Lars Fykerud: en orgelbearbeidelse av den tradisjonelle slåtten Rosa
Johann Seb. Bach: Wachet auf, ruft uns die Stimme (BWV 645)
Nun komm» der heiden Heiland (BWV 659)
Nun komm» der heiden Heiland (BWV 661)
Allein Gott in der Höh» sei Ehr (BWV 664)
In dulci jubilo (BWV 729)
Fantasi og fuga i g-moll (BWV 542)

Etter kvart vart det folksomt i kyrkja, inkludert ei stor gruppe frå asylmottaket på Rysstad. Eg talde og kom til over femti, då eg etterpå spurde Karin Bøe som stod for offisiell teljing, sa ho at det var 60, like mange som i Vennesla i går kveld. Når ein tenkjer på folketal i Vennesla og Valle, så er 60 fem prosent av alle innbyggjarane i kommunen.

Dei fekk ein strålande konsert. Det kan nok variere noko kva folk ville framheve etterpå. I bilen heim framheva Niklos stykket av Brahms, eg heldt ein knapp på Vivaldi, eg opplevde dei sprudlande blokkfløytetrillene som ein eineståande leik på tangentane. Hardingfeleslåtten Rosa på orgel var jo eit nytt bekjentskap, men Wachet auf og In dulci jubilo var stykke vi har høyrt mange gonger. Dei er jo ulike i karakter etter kva orgel dei blir spelt på, og orgelet i Valle kyrkje står ikkje tilbake for noko, tvert om, særleg Wachet auf opplevde eg nettopp som eit vekkarrop. Så vart det heile avslutta meisterleg med Fantasi og fuge i g-moll, eit stort Bach-verk å glede seg over.

Kåre Nordstoga fekk gode ord og velfortente klappsalvar til slutt, og vi slo av ein prat med han etterpå og fortalde om orgelprogramma våre i Valle Radio. Niklos gav han eit døme på programma, men vi gjorde ikkje opptak av konserten, så om du ikkje var der, gjekk du glipp av noko stort og vil ikkje kunne høyre det seinare i radioen.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *