Urimeleg

Share
Stavanger Aftenblad sitt bygg i Stavanger, som avisa no må betale husleige til Schibsted for å bruke. Foto: Jarle Vines, Wikimedia Commons
Stavanger Aftenblad sitt bygg i Stavanger, som avisa no må betale husleige til Schibsted for å bruke. Foto: Jarle Vines, Wikimedia Commons

Eg har meir enn ein gong tenkt at det er urimeleg at så stor del av verdiar som er skapte i distrikta, skal ende opp i Oslo og at distrikta skal avfolkast og ungdommane våre skal finne seg jobbar og levebrød i det sentrale austlandsområdet og bli verande der. Bruk og bustader blir feriehus som står mørke det meste av året.

I dag var det eit debattinnlegg i Stavanger Aftenblad. Det gjaldt avisa, for det oslobaserte selskapet Schibsted har i løpet av nokre år skaffa seg eigarskap til både den avisa, Fædrelandsvennen, Bergens Tidende og mange andre aviser. Vi merkar det her på Agder ved at A-magasinet no er vedlegg til Fædrelandsvenne på fredagar og at God Helg ikkje lenger er magasinvedlegg som før, men ei avis i avisa på laurdagane. Vi merkar det og ved at avisa vert trykt i Stavanger og at ho ikkje lenger kan rapportere frå noko som skjer om kvelden i vår landsdel, deadline er blitt klokka 18. Eit fullt moderne avistrykkeri i Vågsbygd vart lagt ned, ei investering på mange millionar kroner vil nå kunne seljast som skrapjern, om det ikkje alt har skjedd.

Christian Wedler, gruppeleiar i Stavanger Frp og forretningsadvokat tok i innlegget opp denne saka. Schibsted har tømt Aftenbladet for alt av verdiar, til og med annonseinntektene kanaliserast no gjennom annonseseljarar i Oslo. Han skriv ikkje om andre aviser, men det er grunn til å tru at dei har gjort det med dei andre regionavisene dei har overteke. VI har jo merka at mykje stoff i Fædrelandsvennen er skrive av journalistar frå Stavanger og Bergen, og det er ikkje NTB-stoffet eg tenkjer på. Lokal redaksjon er blitt mindre og mindre, no må avisa kjøpe stoff av frilans-journalistar i større og større grad. Dei kan ikkje byggje opp eigen kompetanse i same grad som før. Er det nokon som trur at det blir betre lokal/regional dekning?

I feeden min på Facebook kom denne kommentaren frå Frode Inge Helland i Ålesund: Den samme, gamle visen. Verdier skapt på Vestlandet, Norges økonomiske ryggrad opp gjennom historien, forbrukes på Østlandet. Vestlandet forblir utkant.

Og det er sant, både fiske, olje og elektrisk kraft er verdiar som i stor grad er skapt i vest. Vi opplever det urimeleg at kommunal skatt på verk og bruk er foreslått avvikla eller endra så større del i staden kan hamne i Oslo og tenkjer at det ikkje er særleg stor fordel å sitje att med store dammar i heiane utan at det kjem lokale inntekter av produksjonen. I sterkt kritiske augneblenk lurer ein på om det er slikt som skal finansiere skatteletten for dei rike.

 

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *