Bankbygg i Valle

Share
Den nordre delen av Valle Sparebank sitt bygg sett frå fontena i Valle sentrum. Henta frå Rambøll: Forslag til områderegulering for Valle sentrum 2013
Den nordre delen av Valle Sparebank sitt bygg sett frå fontena i Valle sentrum. Henta frå Rambøll: Forslag til områderegulering for Valle sentrum 2013

Tysdagskvelden 16. februar 2016 var Leonhard Jansen med i Valle Radio igjen. Han held på å skrive om banken og bygda, Valle Sparebank er 150 år i år. Det skal bli ei bok på om lag 150 sider, kunne han fortelje, og det meste av teksten er alt ferdig.

Grunnen til at han var med tysdagskvelden, var at det har vore vanskeleg å finne bilete av dei to bankbygga i Valle.

Huset der banken var i gamle dagar står enno på Harstad, men det er lenge sidan det budde folk der, og det hadde vore triveleg å ha eit bilete frå den tida då det var i bruk som bankbygg.

Etter at banken flytta frå Harstad og fekk nybygg i sentrum, var bankbygget raudt. Det har vore vanskeleg å finne bilete av den bygningen i raud fargedrakt også. Til bloggen no i kveld fann eg eit bilete av halve bankbygget, no er det kvitmåla.

Etter at banken flytta til sitt noverande bygg, har det vore fleire verksemder i bygningen, som no står tom i første etasje etter at Valle Blomar og Gåver flytta til Bergtun-bygget. Før det heldt Reidun Haugland, Eli Andersen og Helga Bjørkeli til i huset med bedrifta Setesdalsstrikk i nokre år. Men kva andre verksemder som har vore der etter at banken flytta ut, har eg ikkje oversikt over.  Vi snakka heller ikkje om det i samtalen i radioen.

Men Leonhard fortalde ei soge frå den tida banken var i det huset. Då var det mange som hadde pengane heime, kontantar var tingen. Ein gong skulle ein valldøl i banken og betale ei ganske stor rekning, og han kom i banken med ei bunke sedlar og ville betale. Men då den som sat i skranken, talde opp, stemte det ikkje med summen han skulle betale. -Ai, ai, då har eg teke feil rua, sa han. Tydelegvis hadde han mange ruer heime.

Leonhard ville gjerne ha hjelp av folk som måtte ha bilete av den rødfarga banken i sentrum eller av huset på Harstad i bruk. Boka han lagar skal ha mange bilete, og dei saknar gode bilete av desse bankbygga. Han eller Kåre Rike kan ta imot bilete og vurdere om dei kan bruke dei i boka, som det er planen skal vere gratis for bygdefolk som vil ha henne.

Det var skrive bok om banken si historie både for 50 og for 25 år sidan. Sjølv om det har vore store endringar dei siste 25 åra, vil denne boka handle meir om banken og bygda enn om banken som arbeidsplass og bedrift i bygda, etter det eg skjøna. Det skal bli interessant å sjå henne når ho er ferdig utpå våren.