
I år var vinteren ein dag lenger enn vanleg, noko som gjorde at alle som er fødde på skotårsdagen kunne feire skikkeleg bursdag. Eg såg og på facebook at ein journalist i Østlandssendinga tok med seg mikrofonen for å fri, for på skotårsdagen kan kvinnene fri. Ho fekk ja frå sambuaren sin, så no er dei nok i gang med å planlegge bryllup.
Det går altså mot vår, dagane vert lysare både morgon og kveld. Søskenbarnet mitt, Brit Obrestad, har lagt ut bilete på Facebook av snøklokker på Jæren, men også i Mandal kikkar dei fram. Difor var det ein nedtur å kome tilbake til Valle etter vinterferien og sjå at det framleis var is i gata og at snølaget i Leitelii hadde fått nokre ekstra centimeter. Etter vermeldinga å døme er det heller ikkje slutt enno, så det vil nok ta litt tid før snøklokkene kjem fram her.
Difor er det godt å minne meg sjølv og dykk som les bloggen på diktet Våren av Aasmund Olavsson Vinje (181-1870). Diktet blei først trykt i Dølen den 3. juni 1860. Det er altså over 150 år gammalt, men kvart einaste år set det ord på kjensler vi har når vinteren er over.
Våren Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma, heggen med tre som der blomar var på, eg atter såg bløma. Enno ein gong fekk eg isen å sjå frå landet å fljota, snjoen å bråna og fossen i å, å fysa og brjota. Graset det grøne eg enno ein gong fekk skoda med blomar, enno eg høyrde at vårfuglen song mot sol og mot sumar. Eingong eg sjølv i den vårlege eim, som mettar mitt auga, eingong eg der vil meg finna ein heim og symjande lauga. Alt det, som våren i møte meg bar, og blomen eg plukka, fedranes ander eg trudde det var som dansa og sukka. Difor eg fann millom bjørkar og bar i våren ei gåta, difor kvar ljod i den fløyta eg skar, meg tyktes å gråta.