Bilruta vann Setesdal

Share

 

setesdal bilruter logoTysdagskvelden var direktøren i Setesdal Bilruter, Terje Greibesland med i Valle Radio og fortalde at selskapet hadde vunne anbodet på busskøyring også i Setesdal frå 2017. Dermed har dei vakse frå eit selskap som heldt til i Setesdal til å ble selskapet som dekker busskjøring i heile fylket.

Dette har ført til at dei har seld Sør-Vest-ekspressen og Birkeland Busser, no konsentrerer dei seg om bussdrifta i Aust-Agder så lenge, men etter kvart vil dei kanskje sjå på å drive ruter andre stader også, sa han.

Bilruta vart starta i 1920, så i perioden dei no har vunne, vil selskapet feire hundre år. Det hadde jo vore dumt om dei hyggelege og vennlege sjåførane ikkje skulle få oppleve eit jubileum i selskapet sitt kjerneområde, så det var godt å kome i mål med dette anbodet, meinte Greibesland.

Vi synte til Suldal Billag som har hatt stor suksess med musikkvideo og lurte på om dette kunne vere noko å satse på for dei også. Det enda opp med ei utfordring til trafikksjef Jan Oddvar Rysstad om å ta tak i saka.

I samband med dette skal selskapet kjøpe nye bussar for 50 mill. kroner, kunne vi lese i avisa. Terje Greibesland sa at nye investeringar i bussar i Setesdal hadde vore på vent ei stund no, men etter at selskapet vann anbodet, vil dei investere i nye bussar. Då kan det bli råd å få kjøpt gamle bussar for dei som vil ha slike til campingbussar. -Det er bare å spørje, om ein er interessert.

Elles kunne han fortelje at Stakkedama kjem til å bli logo for selskapet også i framtida, ho er gull verd for å syne identitet og kor selskapet høyrer til, meinte han.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *