Blåbær og bakaromn

Share
Tonnevis med blåbær. Desse er frå Finland. Foto: CGP Grey/ Wikimedia Commons
Tonnevis med blåbær. Desse er frå Finland. Foto: CGP Grey/ Wikimedia Commons

Eit oppslag i Setesdølen i går fekk meg til å ta kontakt med Eystein Greibrokk for å få vite meir om Setesdal Bærlag. Dette laget var ei avdeling av Aust-Agder Bærlag og var aktivt før 2. verdskrigen. Primus motor var fylkesgartnar Thomas Langerak, og i gamle papir som ligg att etter han, har Eystein Greibrokk funne interessant historie.

Dei gamle papira viser at det frå Hylestad vart eksportert fem tonn bær i 1934, mest blåbær, men og noko rips og solbær. Bæra måtte vere handplukka, det var ikkje lov å bruke bærplukkar, for det kunne øydelegge den matte hinna på bæra, og det var dårleg kvalitet. For ei korg på 3,8 kilo fekk dei ei krone, korga vart betalt med 20 øre og var laga av spon av osp. Også folk frå dei andre kommunane i Setesal var med i dette arbeidet, i Bykle var bæra seint mogne og fekk difor høgare pris.

Å lage korger var vinterarbeid, slike korger kan ein kanskje enno finne på gardar rundt om. Ånund A. Rysstad, oldefar til Leonhard Jansen laga 3000 korger ein vinter. Eystein Greibrokk lurer på om det kan verte ein artikel i Jol i Setesdal av granskinga i gamle papir. Men han skulle gjerne hatt bilete eller gjenstander som syner denne delen av kulturhistoria og næringslivet i Setesdal før krigen, så han blir glad om nokon tek kontakt.

Praten vi hadde i Valle Radio tysdagskvelden, var på telefonen, for Eysten Greibrokk var i Tessungdalen og murte ein bakaromn der. Den skulle vere til 20 brød, dei var to mann og brukte 14 dagar på jobben. Murt opp av murstein med leire som bindemiddel, sement nyttar ikkje i bakaromnar, den pustar ikkje, fekk eg vite. Dei har tidlegare lag fleire slike store bakaromnar, mellom anna ein som skulle ha plass til 40 brød på Dyrskueplassen i Seljord og ein noko mindre i Odda, meiner eg han sa. Men det er ingen slike store omnar i Setesdal, her nytta dei badstogomnen om dei skulle bake stomp.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *