Die güldne Sonne

Share

Heilt frå vi starta med tysdagsendingar i Valle Radio i 1997 har Niklos K. Besteland delt orgel- og kormusikk med oss. Det er ikkje så ofte eg skriv om Postludium her på bloggen, det burde eg nok gjort, for i dei programma er det mange godbitar.

Tysdag hadde han med ei LP-plate med Gächinger Kantorei og Bach Collegium Stutgart dirigert av Helmuth Rilling. Sangen var ein tysk Kirchenlied som Paul Gerhard skreiv i 1666 og som Johann Georg Ebeling laga melodien til: Die güldne Sonne.

-Den kan eg høyre om att og om att ei heil natt, sa Niklos, og eg er i grunnen enig med han, det var ein nydeleg vakker sang. Eg undra meg i grunnen over at han så vidt eg veit ikkje er omsett til norsk, det er jo mange av Paul Gerhard sine dikt som er med i salmeboka. Ebeling er ved sida av Johann Crüger den komponisten som laga flest melodiar til Paul Gerhard sine dikt.

Du finn heile teksten i den tyske Liederdatenbank og kan høyre den på YouTube. Ein flott sang å starte ein sundag med.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *