Drøftingsmøte

Share
Når folk er på hyttene ved Bjørnevatn, er det triveleg å kunne høyre på Valle Radio. Foto: Britta Lise Homme
Når folk er på hyttene ved Bjørnevatn, er det triveleg å kunne høyre på Valle Radio. Foto: Britta Lise Homme


I dag var vi som er programleiarar og teknikarar i Valle Radio innkalla til drøftingsmøte. På agendaen stod spørsmålet om vi skulle utvide sendeflata att og gå tilbake til å starte onsdagssendingane klokka 18. Men dei 11 som møtte var ikkje innstilte på det. Å starte klokka 19 gjev ein kortare kveld og det er råd å områ seg litt før ein skal ut. Då vi starta klokka 18, var det mykje heseblesande for dei som skulle starte, heim frå jobb i firetida og så tilbake på radioen klokka halv seks for å vere klar til å starte klokka 18. No er det meir ro over arbeidet.

Det vart ei god økt der vi drøfta mange saker. Vi slit litt med at teknikken som var ny og dyr for 19 år sidan, nok er noko gammal no. Jørund hadde eit lite kurs for teknikarane om korleis dei kunne løyse problem som oppstår. Det var også ei utfordring å forstå det systemet for telefonar vi har no for dei som skal vere telefonvakter, så også der fekk alle ei oppdatering. Det er dessverre etter kvart blitt få som ringer inn når vi har opne sendingar, så folk kan gjerne ha temasendingar frå klokka 21 om dei ønskjer det. Vi kan halde på også når riksdekkande kanalar går over til DAB, og vonleg vil folk framleis ha FM og kunne høyre på Valle Radio.

Vi har fått nye medarbeidarar og dei vil gjerne vere aktive i radioen, det er alle glade for. Men nokre har også takka for seg eller vil gjere det i næraste framtid, så sjølv om det ser godt ut akkurat no, vil det endre seg. Det var nokre feil i den lista som var sendt ut, ikkje alle hadde fått den, det skulle Ørnulf ordne så fort han kom tilbake til pc-en sin. Det er mykje ein kan ha på mobiltelefonen, men ikkje alt ligg der til ei kvar tid. Den justerte lista har bare små endringar.

God servering av pizza frå Bergtun gjorde kvelden matnyttig for dei fleste, så det var ein god kveld å samlast sjølv om vinterføret var av den våte sorten denne kvelden.

Når folk er på hyttene ved Bjørnevatn, er det triveleg å kunne høyre på Valle Radio. Foto: Britta Lise Homme
Når folk er på hyttene ved Bjørnevatn, er det triveleg å kunne høyre på Valle Radio. Foto: Britta Lise Homme

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *