Ikkje alkohol i Vallehalli

Share

I kveld var det kommunestyremøte i Valle. Eg høyrde noko på overføringa i Valle Radio. Det var fleire orienteringar før handsaminga av saker kom i gang. Den tok ikkje så lang tid, det meste vart som innstillinga frå rådmannen. Men ein representant av dei 15 var borte og Hanne Straume var inhabil då dei handsama alkoholpolitisk plan for dei neste fire åra. Dermed var dei bare 13 røysteføre i saka.

I denne saka kom det opp eit endringsforslag. Det var Margit Dale som hadde det, og det gjekk ut på at det ikkje skulle vere lov å servere alkohol i Vallehalli. Sjølve ordlyden har eg ikkje, men i grunngjevinga fortalde ho om rot og oppkast både inne og ute etter dansefestar som har vore i Vallehalli og meinte at slikt ikkje høvde i eit miljø der barn og unge ferdast. Det kom ein kommentar frå Kim Pedersen om at det knapt er alkoholskjenking i Valle lenger, så han ville stemme for innstillinga, etter det eg skjøna.

Men forslaget hennar fekk fleirtal, så dei neste fire åra kan ein ikkje skjenke alkohol i Vallehalli. Sant å seie synest eg det er bra, sjølv om Vallehalli er eit kulturbygg, er det eit idrettsanlegg og ein stad der mykje ungdom ferdast, og der høver det ikkje med alkoholskjenking.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *