Misjonær grunnla by

Share
Byste av Thorkild Rossås
Byste av Thorkild Rossås

Om du spør ein person i Antsirabe på Madagaskar om kven Thorkild Guttormsen Rossås var, vil dei svare at det var mannen som grunnla byen.

Rossås levde frå 1841 til 1913. I dag er han temmeleg ukjend her i landet, sjølv om det står ei byste av han på Iveland kyrkjegard. Selma Aasen hadde in artikkel om han i fredagsutgåva av Setesdølen. Det var tidlegare i februar ein artikkel om han i Fædrelandsvennen, den danna grunnlaget for eit program eg hadde i Valle Radio 9. februar.

På nettet ligg det ein artikkel om byen og mannen frå Iveland. Den heiter Reisen til søndagsskolelandet. Der skriv forfattaren Torunn Egge Roux: Rosaas var en av de norske pionerene. Han var «der ute» i til sammen 37 år, fra 1869 til 1907. Bare to ganger i løpet av alle disse årene besøkte han Norge.

Norsk Wikipedia har i vinter hatt ein diskusjon gåande om misjonærar sin plass i nettleksikonet. Rossås har fått artikkel i svensk wikipedia, men til no er det ikkje komen nokon artikkel i det norske nettleksikonet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *