Om gjeld og ymist anna

Share
Hundrelappar er godt å ha, Valle kommune treng ein million slike for å betale gjelden.
Hundrelappar er godt å ha, Valle kommune treng ein million slike for å betale gjelden.

I dag kom ordførar Steinar Kyrvestad i studio i Valle Radio for å seie noko om gjelden pr. innbyggjar i Valle kommune. Av kommunane i Agder og Telemark er Valle på femteplass når om ein ser på kommunal gjeld pr. innbyggjar. Sirdal, Drangedal, Gjerstad og Lillesand ligg over Valle på lista.

Steinar kunne fortelje at kommunen har ein handlingsregel, den totale gjelden skal ikkje auke. Det vil seie at ein kan ta opp nye lån i same mon som ein betaler ned gamle. Det er ikkje så lett å leve etter den regelen, for ofte kjem det tiltak og prosjekt som må løysast akutt, og då kan ein nok i periodar gå over, men målet er i alle fall klart.

Han kunne og fortelje frå møtet som i dag var på Evje om kommunesamanslåing. Der var Bykle og Valle inviterte til å vere observatørar, det same var Vennesla. Men møtet var nok meir retta mot samarbeid enn samanslåing, og det er mange sektorar ein alt samarbeider på. Det kan ein auke utan å gå til samanslåing. Då mange kommunar vart slått saman på 1960-talet, hadde Staten eit mål om å bygge velferdsstaten og å etablere 9-årig skule.  I dagens situasjon er det ikkje tydelege mål, og då vil samanslåing nok helst føre til sentralisering, meinte han. Samanslåing må skje der ein har nokonlunde lik kultur, difor hadde han lita tru på at kommunane rundt Kristiansand vil lukkast. Det er langt frå Kvadraturen til Vegusdal og Finsland, i grunnen er det ein annan kultur bare vi kjem nord om Krossen i Kristiansand, sa han og siterte Venneslas ordførar Torhild Brandsdal.

Til slutt snakka vi litt om samarbeidet i Setesdal Regionråd, der han bare har vore med nokre månader no. Han meiner at den eine kommunen må rette seg etter det dei tre meiner, det er slik demokratiet fungerer: Fleirtalet avgjer. Difor er det nyttelaust å ha møte når den eine ikkje vil rette seg etter dei som har fleirtalet. Alt no arbeider regionrådet på mange felt, og det bør rådet halde fram med, det er det beste for næringsutviklinga i Setesdal, meinte han.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *