Opplevingar på tur

Share

I vinterferien tok vi nokre dagar i Nittedal. Der har vi tre barnebarn på Krutverket, så sjølv om snø ikkje står høgt på lista over det eg vil oppsøke i vinterferien, vann lysten på nokre dagar saman med dei over ulysten med snøen.

No vart det helst stille dagar, for Kristine hadde fått litt influensa, så uteliv var ikkje noko for henne, men det passa jo meg fint. Med oppkopling til Internett kan ein ha det hyggeleg også når ein er sjuk. Eg las for øvrig i avisa før eg reiste at i Mandal er det kome kritikk mot sjukeheimen fordi dei som bur der, ikkje har tilgang til Internett. Å kome på nettet er viktig i alle fasar av livet i vår tid.

På heimturen høvde det slik at vi kunne plukke opp Margunn frå Kiel-ferja og ta henne med sørover. Sjølv om vi ikkje traff avkjøringa på første forsøk og måtte ein runde i Bygdøy Alle før vi fekk snudd og prøvd att, var det ei oppleving å sjå den flotte terminalen der ho stod og venta på oss i strålande solskinn. Med turre vegar sørover i Vestfold gjekk det radig mot Sørlandet, det var ein transportetappe for oss.

Før vi reiste frå Nittedal, las eg i Varingen, avisa der Sigbjørn Høydalen er journalist, eit minneord om tidlegare ordførar Tor Rønning, som døydde for ei veke sidan. Det var eit fyldig minneord, så det vart ein artikkel på wikipedia om han. Eg les på Facebook at han vart kalla AKANs far, han var dagleg leiar av AKAN frå 1965 til han gjekk av med pensjon. Her er artikkelen på Wikipedia om Tor Rønning.

Foto: Varingen
Foto: Varingen 2001

Etter at eg hadde skrive artikkelen, tok eg kontakt med ein av dei som hadde skrive minneordet, Ole-Erik Yrvin. Han var svært takksam for at Tor Rønning no hadde fått artikkel på Wikipedia.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *