Oppmuntring

Share
Ein rosebukett er ei fin oppmuntring
Ein rosebukett er ei fin oppmuntring

Vi bør bli flinkare til å oppmuntre kvarandre. I kveld hadde Siri Johannessen ansvar for Valle Radio, ho var både teknikar og programleiar. I prosessen før programmet hadde vi diskutert aktuelle innslag og både ho og eg var trygge på at det kom til å bli ein grei kveld i radioen.

No er sendinga over. Eg var på reise og fekk ikkje høyre noko frå denne kvelden, eg har teke turen til Nittedal i vinterferien. Men eg har hatt kontakt med Siri og fått høyre at Gyro K. Homme hadde ringt og takka for programmet i kveld og at Siri, som naturleg er, var takksam for å få ei slik tilbakemelding.

Mange gonger spør vi oss sjølv om det er nokon som høyrer på oss når vi lagar program i radioen. Vi får jo eit og anna hint, men det er ikkje ofte vi får direkte respons etter ei sending. Eg skjønar godt at folk kan lure på om det har noko for seg å halde på. Særleg har dette blitt reflektert i opplevinga av at det er få som ringer inn når vi har opi sending. Det har for øvrig ført til at vi i vår også vil ha temaprogam nokre onsdagar, utan telefonvakter og utan å vente på respons frå lyttarar.

Men vi er vel alle slik laga at vi opplever at oppmuntring kan vere godt å få. I Bibelen står det til og med at vi skal kappast om å heidre kvarandre. Å øve seg i den kunsten kan vere ein god ting. Både du som oppmuntrar og den som du oppmuntrar opplever noko godt.

Så finn ein du kan gje ei oppmuntring i dag og gje vedkomande ein blom, anten han er fysisk eller bare er ein språkblom.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *