Snåsamannen

Share

 

Foto: Bjarne Thune
Foto: Bjarne Thune

Over 111.000 har sett filmen «Mannen fra Snåsa» som hadde premiere i januar. Vi hadde om dette i ein time på Valle Vaksenopplæring i går, vi brukar TV2 Skole sitt opplegg for vaksenopplæring, og der var det eit av fleire tema denne veka.

Tysdag omtalte eg filmen i Valle Radio sitt program Kyrkjebakken, der vi ser på kva som skal skje i veka som kjem. Då vart eg merksam på at filmen gjekk på kino i Bykle i går og i Valle i kveld, og dermed vart eg ein av dei som gjer at talet på dei som har sett filmen går mot 120.000. Eg var i godt selskap, fleire av dei eg talte til sist gong eg talte på bedehuset i Valle var til stades, og elles var det ganske mange godt vaksne, men heller ikkje så få unge vaksne som hadde funne vegen til Valle kultursenter.

Det var ein vakker og varm film. I TV2 Skole sitt program møter vi 12 år gamle Mira som har låsing i nakke og skulder. Her fekk vi sjå meir av møtet hennar med Joralf Gjerstad og fekk og sjå korleis far hennar fekk hjelp. Gleda i familien etterpå fekk vi dele med dei og eg skjønar godt at tårene hennar spratt, for det gjorde mine og.

Ikkje alle fekk hjelp, men alle fekk gode ord med vidare på livsvegen. Joralf Gjerstad har hatt ei evne og ein vilje til å hjelpe folk. I glimt fekk vi høyre han fortelje om ein vanskeleg barndom der dei var så fattige at dei ikkje hadde klede til å kunne gå i kyrkja. Sidan vart han klokkar, kyrkja i Snåsa var sentral i filmen.

Mest betagande for meg var kanskje pasienten som han knapt kunne hjelpe, men som i filmen song eit par vers av Ein fin lite blome og ønskte Guds velsigning over mannen og tenesta hans.

Dette var ein dokumentarfilm. Gjerstad har slutta å ta imot folk, det kan ein skjøne, for han var skrøpeleg sjølv, og seg sjølv kunne han ikkje kurere. Heller ikkje kona, Signe, ho var komen på aldersheim, det var kanskje han sjølv og, filmen var ikkje så tydeleg på det. Huset han var fødd i, var blitt eit slags museum.

Ein av elevane mine frå vaksenopplæringa hadde og teke turen på kino denne kvelden. I -10 grader tok eg han med i bilen heimover. Han hadde også likt filmen godt. -I Afrika har vi mange slike folk, fortalde han. Det var ein varm film i februarfrosten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *